Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

     
  Aktuelt:
     
- Her spelar vi.....

Les mer...
     
- STØTT VÅRE SPONSORAR - DEI STØTTAR OSS!
Vår generalsponsor 2017-19:

Våre øvrige sponsorar 2017-19:
Les mer...

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 651 283

 

 


Velkommen til julekonsert

Velkommen til julekonsert
Vi ynskjer velkommen til julekonsert i Årdal kyrkje tysdag 5. desember kl. 1830.
Les mer...


Eit lite tilbakeblikk
Eit lite tilbakeblikk
Kvar og ein av oss har vel ryddesjauar i heimen frå tid til anna, og då veit vi at det ofte dukkar opp saker og ting som framkallar minner. Ex-dirigent Oddgeir har rydda kontoret og komme over nokre bilete frå nokre år tilbake.
Les mer...


Mange slags jubileumsførebuingar
Mange slags jubileumsførebuingar
Det er mykje som skal førebuast til jubileumsmarkering. Øving sjølvsagt, men også ikkje-musikalske aktivitetar må til. Hmm… Vi burde kanskje plukka fram historiske ting og tang og få synt dei fram? Kvar mon tru?
Les mer...


Jubileumshelg med årsmøte hakk i hæl
Jubileumshelg med årsmøte hakk i hæl
No er vi godt i gang med jubileumsmarkeringa. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar etter jubileumskonserten sist helg. Ein fullsett sal koste seg med korpsmusikk i alle sjangrar, godt leia av konsertvert Jørgen Foss. Det vanka også overraskande gåver, mellom anna frå Årdal kommune. Før vi tek fatt på detaljplanlegginga av øvrige jubileumsaktivitetar, var tirsdagen sett av til årsmøte. I år var det duka for leiarskifte då sittande styreleiar ynskte avløysing. Ny leiar er Kristin Horge.
Les mer...


Viktig støtte frå grasrota
Korpset er utruleg stolte over den støtta vi får frå sambygdingar gjennom Grasrotandelen. Støtta er veldig viktig for at vi skal kunne satse på oppbygginga av et skulekorpsmiljø på Tangen.
Les mer...


Triveleg treff i Indre Ofredal
Triveleg treff i Indre Ofredal
17. mai er over og sommarferien nærmar seg for korpsfolk også. Tida fram til ferien nyttar mange korps til småkonsertar og turar. Sist laurdag var i overkant av 60 korpsmusikarar samla då vi inviterte nabokorpsa til Indre Ofredal for speling og triveleg lag.
Les mer...


Hektisk, men fin start på 2016

Hektisk, men fin start på 2016
Rakettane kvar nyttårsafta er startskotet korpset sine mest hektiske veker. Vi går laus på nyåret med to øvingar i veka og førebuing til både årskonsert og årsmøte. Årskonserten gjennomførte vi 27. februar med mykje spennande på programmet; debut for ferske skulemusikantar, gjestedirigent, stort korps og spennande musikk. Klikk deg vidare og les korleis vi opplevde konserten.
Les mer...


Øving med prisoverrekking
Øving med prisoverrekking
Først fekk vi øve i lag med musikarar frå Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Etterpå var det høgtidleg overrekking av Magnus Midtbø's korpspris. Ei skikkelig vitamininnsprøyting for korpset.
Les mer...


For ei herleg konserthelg!
For ei herleg konserthelg!
Etter to år med førebuingar var det søndag ettermiddag klart for storsatsinga vår - konserten med Karl Seglem og bandet hans. Det har vore ei fantastisk reise med konserten på søndag som førebels siste etappe. Aldri har vel nokon i korpset vore med på ei slik musikalsk oppleving. Av mottakinga var det lett å skjønne at også publikum hadde ein fin stund saman med oss. Har du lyst å sjå bilete og lese litt meir om konserten, kan du jo klikke deg vidare.
Les mer...