Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 714 231

 

 



Å, for ein strålande morgon!
Håkon tryllar fram magiske tonar.
 
Komponist på blå botn.
 
Håkon tryllar fram magiske tonar.
 
Håkon tryllar fram magiske tonar.
 
Nøgde unge musikarar tek imot publikums applaus.
 
Nøgde unge musikarar tek imot publikums applaus.
 
Oddgeir takkar Karl og bandet for ein fantastisk konsertoppleving.
 
Oddgeir takkar Karl og bandet for ein fantastisk konsertoppleving.

(2014-02-24) Nettopp det var det i dag, ein strålande morgon. Vi har vakna etter tidenes korpskonsert for vår del. Konserten med Karl Seglem og bandet hans vart den opplevinga vi drøymde om. Alt gjekk knirkefritt – ja, ikkje berre konserten, men heile øvingshelga og alle prosjektførebuingane.

Alle foto: Jan Ove Skjerping

Vi takkar publikum for den overstrøymande mottakinga konserten fekk. Det var utruleg kjekt at så mange kom og at konserten tydelegvis fall i god smak. Det er ikkje kvardagskost for ein korpsmusikar å bli trampeklappa innatt på scena etter avslutta konsert.

At konserten ville bli ei oppleving kjente vi med ein gong då vi møtte Karl og bandet hans til øving for fyrste gong på fredag ettermiddag. Kjemien stemte og tida fór avgarde – gløymd var lange arbeidsdagar og ynskje om fredagskveld i sofakroken.


Heilt sprøtt?

Det heile starta med ein vill idé for drygt to år sidan. Etter 6 år med nokså tradisjonelle årskonsertar, vart idéen unnfanga av dirigenten vår. Årdal og korpsmiljøet på Tangen har fostra ein verdskjend jazzmusikar – kanskje på tide å få han inn att i korpsverda ein tur? No ikkje for å bli lærd opp, men for å lære frå seg.

Og kva skjedde når dirigenten vår lanserte idéen? Først forsiktig til leiaren, så til musikkutvalet og til sist for heile korpset? Jau, fleire sa i tur og orden at det har jammen eg gått og tenkt på også. Da gjenstod det berre å høyre kva hovudpersonen ville svare. Karl vart kontakta og svarte ja på direkten – og då var det berre å gå i gang med førebuingane.


Mange fallgruver undervegs

Det er mykje som skal klaffe for at ein skal komme i havn med slike storsatsingar. Det var til dømes ikkje heilt enkelt å finne ledige helgar i Karl sin tettpakka kalendar. Då vi hadde funnet fram til ei helg i februar 2013 som passa begge partar, var det andre forhold som gjorde at vi måtte vente eit år på å få til konserten. Ergeleg der og då sjølvsagt, men det er noko som heiter hell i uhell. Kanskje var denne utsetjinga med på å gjere både prosjektet og konserten så magisk? Vi trur det.

Vi traff innertiaren i val av Idar Torskangerpoll som arrangør av Karl sin musikk for korpset. Ei super øvingshelg med Idar i september i fjor då stoffet vart testa ut for fyrste gong, ga oss ein musikalsk «flying start». Han vart så fornøgd med resultatet at han ba innstendig om å få vere med som musikar på konserten.

Korpset har heller ikkje erfaring med oppsetting av slike konsertar. Med Reidun Vinda som ansvarleg for scenedekor i kombinasjon med Anette C. Lind som lysmeistar, synte det seg at vi var i trygge hender også. Reidun fekk ikkje allverdens med tid og økonomisk ramme for oppdraget og fekk utruleg mykje ut av lite. Det har vi høyrt frå fleire tilhøyrarar. Sjølv vart vi nok litt "snytt" for den opplevinga frå plassen vår på scena. Når det gjeld lyd, veit vi at vi er i gode hender når Øyre Lyd AS har oppdraget.


Kickoff for ny sponsorperiode

Med konserten markerte vi også inngangen på ein ny periode i korpset sitt sponsorprogram. Trettan lokale bedrifter med Indre Sogn Sparebank i spissen har inngått ein treårig avtale om å støttte korpset økonomisk.

Utan den støtta vi har fått frå bedriftene i dei føregåande seks åra og no for 2014-16, er det ikkje sikkert vi hadde makta ei slik satsing som denne konserten. Vi kjem snart attende med fyldig presentasjon av dei som er med oss i den nye sponsorperioden.


Attende til kvardagen

No skal vi kose oss med minna frå dette prosjektet og la dei inspirere oss til å ta fatt på kvardagen og framtida. Vi er sikre på at prosjektet går ut i solid «pluss» sjølv om korpskassa ikkje gjer det. Dette er ei investering på lik linje med å investere i gode instrument.

Allereie på tysdag går vi i gang med eit korpsutviklingsprosjekt som skal gå over nærare 2 år, med gode hjelparar frå NMF i NMF sitt program «Born to play». Saman skal vi stake ut kursen inn i framtida – spennande det også.

Og så skal vi sjølvsagt spele mykje rundt omkring i bygda utover våren og fram til sommaren. Vi høyrest!

Bilete frå konserten vert kjem etterkvart i biletarkivet vårt her.

   


Get Adobe Reader

Read file
 Konsertomtalen i Sogn Avis 25.02.2014.




Utskriftsvennlig versjon