Print this page
Travle veker innleia 2016
 Gjengen samlet på Mastemyr med NMF-president Rita Hirsum Lystad på besøk.
 
Gjengen samlet på Mastemyr med NMF-president Rita Hirsum Lystad på besøk.
  Våre unge debutantar gjer siste finpuss, saman med Ben, Idar og Oddgeir.
 
Våre unge debutantar gjer siste finpuss, saman med Ben, Idar og Oddgeir.
  Klar for kveldens hovudverk,
 
Klar for kveldens hovudverk, "Fate of the Gods".
  Godt nøgde, unge debutantar. F.v. Andrine, Alex, Marius, Oskar og Morten. Tomine var ikkje til stades då biletet vart tatt.
 
Godt nøgde, unge debutantar. F.v. Andrine, Alex, Marius, Oskar og Morten. Tomine var ikkje til stades då biletet vart tatt.

(2016-03-06) Rakettane kvar nyttårsafta er startskotet korpset sine mest hektiske veker. Vi går laus på nyåret med to øvingar i veka og førebuing til både årskonsert og årsmøte. Slik har det vore dei siste ni åra, og vi har funne ut at det fungerar veldig bra å starte året slik. I år fekk vi også med oss ein korpstur midt oppi dette.

Årskonserten er vårt musikalske høgdepunkt i løpet av året. Korpset spelar ved mange høve i løpet av året der andre sett ramma for spelinga. Vi tykkjer dei oppdraga er både kjekke og viktige å vere med på. Likevel er det morosamt å ha heile regien sjølv nokre gonger også. Allereide for eitt år sidan var hovudramma og tidspunktet for årskonserten i 2016 fastsett.

«Blå botn» skapte god kjemi

I 2014 hadde korpset ei stor oppleving då vi hadde konsert saman med Karl Seglem og bandet hans. Musikken til Karl måtte arrangerast for korpset og det var Idar Torskangerpoll som fekk det oppdraget. Kjemien mellom korps og arrangør var så god at då årsmøtet i 2015 bestemte seg for å ha gjestedirigent i 2016, var Idar fyrsteynskjet. Heldigvis hadde han både tid og lyst til påta seg oppdraget. På «Blå botn»-konserten spelte han i korpset medan vår faste dirigent, Oddgeir Øren, dirigerte. Denne gongen skulle dei bytte plass.

Førebuing til konsert

For årskonsertane vert det sett klare mål og for konserten i år var hovudmålet å meistre eit stykke med høgare vanskegrad enn det vi har spelt før. Stykket musikkutvalet og Idar hadde vald ut var «Fate Of The Gods» av amerikanaren Steven Reineke. Det er eit stykke som krev ei større besetning enn det vi har. For å løyse det, inviterte vi like godt med oss musikkvener frå nabokorpsa våre. Dei kom frå Eikanger Bjørsvik Musikklag , Farnes Skulemusikk, Fagforeningens Musikklag Høyanger, Flåm Musikklag, Lærdal Musikklag og Sogndal Musikklag; til saman skulle vi bli omkring 30 musikarar.

Ut på tur

Idar var i Årdal i oktober i fjor for å teste ut repertoarvalet til årskonserten. Planen var at vi skulle gjere «heimeleksa» sjølv fram til konserthelga då han skulle komme og ta ta den avsluttande finpussen før konsert laurdag kveld.

Vi hadde korpstur på planen i slutten av januar og reisemålet var sjølvsagt også bestemt. Då fleire omtrent samtidig kom på idéen om å la korpsturen bli ei øvingshelg med Idar, gjekk det heldigvis greit å endre på planane. Nytt hotell vart booka, bussen omdirigert og fylt med atten musikantar. Og turengjekk til Mastemyr utanfor Oslo – «heimebanen» til Idar.

Det vart ein særdeles vellukka tur. Vi fekk mange gode øvingstimar, to kveldar med triveleg sosialt samvær, blåtur med omvisning på Stortinget og uhøgtidleg konsertmøte med Langhus Brass. Dei hadde øvingshelg med førebuing til NM, så då avslutta vi kvar vår seminarhelg med å spele litt av konsertrepertoaret for kvarandre.

Endeleg konsertkveld

Etter to øvingskvelder i veka sidan nyttår, ekstra seminarhelg og intens øving konserthelga, var vi topp motivert for å framføre konsertrepertoaret for publikum på laurdag kveld.

«Barnard Castle» er ein flott marsj og fekk sette an tonen for konserten. Idar lovte publikum ein konsert med høg plystrefaktor før Hilde Horpen var solist på «Klarinettpolka» saman med korpset. Fleire av korpset sine musikantar hadde også solistinnslag. Etter den livlige polkaen gjekk vi over til ein vakker salmetone frå Jølster, «Herre, la mitt øye få se», med altsaksofon-solo av Berit Margrete Grønsberg. Deretter var Kristin Horge solist på «Lappland», Finn Eriksen sin legendariske trompetslager. Megan Trainor sin hit «All about that bass» fenga publikum før vi avslutta fyrste avdelinga med hovudverket «Fate of the Gods».

Jan Ove Skjerping hadde laga ein spennande fotomontasje til «Fate of the Gods». Uheldigvis svikta PC’en i kinorommet slik at publikum ikkje fekk sjå den. Det skal vi prøve å gjere bot på. På øvinga kommande tysdag riggar vi opp lyd og bilete til kl. 19 og då kan alle som vil, komme og sjå.


Publikum frå alle kantar

Det gledde oss mykje å sjå at det også kom publikum frå nabobygdene. At konserten falt i smak kjem tydeleg fram gjennom tilsendte videoopptak og ikkje minst eit flott innlegg i Sogn Avis frå Kåre Lerum. Vi takkar for gode tilbakemeldingar og ikkje minst for den overraskande gåva frå Kåre som både korps og publikum sette stor pris på.


Unge debutantar

Andre avdeling vart også opna av en flott marsj, nemleg vår eigen «Tangingen» som Asle Aanes komponerte til korpset på 70-talet. Deretter var det debutantane sin tid. Publikum fekk også møte aspirantane i «nye» Tangen Skulemusikk. Med stykket «Spania» debuterte dei med bravur, med korpset som komp og under leiing av Ben Hirons.

Det er ikkje mange øvingane dei har hatt, men dei både spelte og opptrådte som ekte korpsmusikantar. Korpset satsar store ressursar på å få reetablert Tangen Skulemusikk og har tilsett Ben som musikalsk leiar for denne satsinga. Han har masterutdanning på trompet frå Storbritannia og spelar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ein dag i veka tek han turen frå Bergen til Tangen for å instruere nye musikantar. At vi har fått med oss ein dyktig musikar synte Ben då han var solist på Facilita, eit virkeleg virtuost stykke.

Unge dirigentar

Oddgeir er lidenskapeleg opptatt av å lære opp nye dirigentar. Hilde Horpen er allereide ganske rutinert som dirigent. Ho var fast dirigent i haust og har dirigert korpset ved fleire høve. Ho har fått følge av Marie Johansen. Dei dirigerte begge korpset i kvart sitt nummer – Hilde på «A taste of honey» og Marie på «Highland Cathedral» medan Idar tok plass i trombonerekka. Vi tykkjer det er utruleg kjekt å sjå korleis dei begge har utvikla seg frå første gong dei tok i dirigentstokken.

Etter halvannan time avslutta vi konserten med «Doo Be Doo», eit stykke med afrikanske rytmar. Idar lokka publikum med på song, så dei gikk kanskje plystrande eller nynnande ut av konsertsalen.

Vi er godt nøgd med konserten og det verka som publikum også hadde hatt ein triveleg stund saman med oss. På tirsdagen etter konserten hadde vi årsmøte og da diskuterte vi neste års konsert, men kva det blir vil vi ikkje røpe enno.