Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Biletgalleri
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 664 437

 

 


2010 Vårsesongen

Skulle du ha bilete av korps og korpsmedlemmar i aksjon, vil vi gjerne få dei i arkivet vårt. Send dei f.eks. til whkulset@online.no.

   

målROCK-frukost 6.-8. august  
Korpset stod for målROCK-frukost på festivalcamp'en i Saltviki under årets festival. Det var fyrste gong at det var tilbod om frukost - og vi satsa på egg & bacon. Det krev ein del planlegging når slike tiltak skal gjennomførast for fyrste gong, men det gjekk knirkefritt og camparane var utruleg blide og takksame for mattilbodet. På impuls serverte vi nattmat laurdagsnatta etter siste konserten. Om frukosten var suksess, var ikkje nattmattilbodet mindre vellukka.


Eigen patent på eggsteikebrett.

Feriegjestande forsøkskanin.


Olav tør også å smake.

Bacon i haug og dungar.

Marit og Eva er i gong.


Steikeomn funkar også godt.

Velfortent pause.

30 kg ferdig steikt bacon!

Det meste av feittet, resten låg finfordelt på golvet. Reine skeiseisen.

Fredag morgon er vi i gong.

Damer monterer ny grill, mannfolka lagar mat.





Populært med nattmat.

Også vaktene i ungdomslaget fekk nyte godt av tilbodet.

God stemning rundt matbordet.


Snart opprydding og avslutting.

Fjord til fjell-dagar 2010  
Glimt frå årets Fjord til fjell-dagar som gjekk av stabelen 11.-13. juni. Det var stort sett surt og kaldt i år og med ganske store nedbørsmengde på fredag og natt til laurdag. Korpset deltok med vaffelsal, konsert i russartrappa og nytt av året - trimkonsert der korpset spelte og publikum fekk triminstruksjon av instruktør. Årets arrangement hadde også celeber vitjing av Ole Edvard Antonsen som spelte saman med Øvre Årdal Janitsjar.


Klar for rigging.


Klart for innrykk.

Sjefsgrillar Kirsti instruerar.

Grillmeistar Oskar saman med vaffelmeistar Øyvind.

Og så kom regnet, men publikum heldt ut.

Dansarane trossa budleregnet.

Susanne og Line kan ikkje berre lage korpsmusikk.



Og så kom laurdag morgon etter ei natt med stor nedbørsmengd.

Bekymra andlet.

Etter iherdig spjelking av teltstenger, er boden klar for nytt innrykk.


Storfint besøk på laurdagskvelden. Foto: T.B. Johnsen

Christine er solist. Foto: T.B. Johnsen

Sigyn Øren i duett med Ole Edvard Antonsen. Foto: T.B. Johnsen


Kjendis i vaffelboden, Tom Erik Antonsen, bassist og bror til Ole Edvard.

Trimkonserten er i gong. Publikum er litt tilbakehaldande i starten...

... men det kjem seg etter kvart.

Marit Rasmussen instruerar

med god hjelp av aktive i ÅTIL.

Til sist må også korpset til pers medan CD'en syter for musikk med Madcom til MGP-dansen.



Det er slutt for i år.


ÅTIL tek ein pust i bakken.

Fire partytelt har gjort sitt.

Uteøvingar og "bygdeturné"  
Dette er glimt frå øvingane etter 17. mai. Dei flyttar vi så sant vêret tillet det, utandørs til ulike plassar i bygda.


Tysdag 1. juni på gamle festplassen på Tangen.

Hilde og Susanne pakkar ut.

Arne Harry ber tungt.


Nye utestolar vert invigd.




Tysdag 8. juni - Holebyen, Vikadalen.

Pause etter øvingsøkt.


Publikum benkar seg.









Konserten er ferdig - grillkvelden kan begynne.








Nasjonaldagen sett med korpsauge  
Årets feiring var nesten heilt tradisjonell, men ruta til toget var omsnudd og enda på idrettsplassen på skulen. Litt ruskete vêr gjorde at festarrangementet vart flytta inn i idrettshallen. Alt i alt ei veldig fin ordning.


Morgonstemning kl. 0730.








Korpset har inntatt hagen i Hagavegen 41A.

Dei har oppdaga oss!

Huslyden på vinnaradressa kom ut for å høyre.


Klokka er snart 11 - snart avmarsj.


Christine, Katrine og Merete i gang med heftig trommemarsj.


Vi takkar Ulrik for at han stiller som faneberar i år også.


Uvisst om det er matt'en på tavla som er vanskeleg å fordøye...


Stappfull idrettshall.

Kvilande tubaist...

Merete tjuvtrenar...

Skulekoret song så det ljoma.

Vi gjer oss klar til innsats.

Publikum i Seimsdalen ventar på konsert.





Is og kaffe etter konserten på sjukeheimen i Seimsdalen avsluttar dagen.

Glimt frå 1. mai  
Årets 1. mai starta skikkeleg kaldt, vått og surt, men enda med sol og litt meir varme. Programmet var tradisjonelt med oppmarsj frå rundkøyringa til rådhuset, speling ved flaggheis og salutt, frukost på hotellet, speling på sjukeheimen i Seimsdalen og i demonstrasjonstoget.


Nysnø i fjellsida.

På sjukeheimen i Seimsdal.

Prøvesitting?

Godt humør gjer susen.


Katrine tok turen heim i år også.




Litt kaldt, men triveleg stund på kaféen før demonstrasjonstoget.


Fornøgd med nytt og lettare instrument.

Snart klart for avmarsj frå Vassbugen.

Årskonsert og årsfest  
Laurdag 13. mars var dagen for årskonsert og påfølgande årsfest. Her ser du bilete frå førebuingar, konsert og fest.


God humør på øving kvelden før kvelden.

Hva skjer a'?


Laurdag morgon og siste finpuss.

Spente aspirantar før konsert.

Jenny Sofie Rudi og Marie Johansen.

Slipset må knytast..

og justerast.



Publikum fyller restauranten.

Korpset er klar til innsats.

Arne Harry ynskjer velkomen.

Jenny Sofie og Marie er solistar.

Anders hevar dirigentpinnen...

og vi er i gang.


Alle unge musikantar vart kalla fram...

... og fekk åremålsmedalje.

Tuba-solo med Atle.

"Kveruletten" opnar etter pausen.

Sondre spelar "Tears in heaven".

Christine og Merete er solistar på "Klarinettpolka".

Hotelldirektør Erling får bordfane som takk for særs godt samarbeid.

Feiande avslutning med song på "Tangingen".

Stor - liten - stor.

Line og Susanne ved fotoutstillinga si.

Elle frå Lærdal fann vegen denne gongen også.






Vi går til bords...

... og fotoapparatet vart lagt bort.

Vareteljing på Prix  
Det er mykje som kan bli tradisjon - også dugnad med vareteljing på Prix den fyrste arbeidsdagen i eit nytt år. I år vart det mandag 4. januar som vart dagen.


Teljeutstyret ligg klart.

Usunn teljeoppgåve?


Ein liten pust i bakken. Legg merke til boksen på golvet...



Ein tur innom kassa til slutt.

Glimt frå øvingar  


Leiaren i aksjon.

Asle og Sondre riggar seg til.

Oddgeir er dirigentvikar.

Egil Jørgen pakkar ut ny tuba.

Nett so julekvelden!

Per pakkar opp ny Sousaphon.

Storfornøgd!

Hm... Stemmer dette då?

To glade tubaistar - snart blir dei 4.

Utskriftsvennlig versjon