Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Biletgalleri
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 842

 

 


2011 Vårsesongen

Skulle du ha bilete av korps og korpsmedlemmar i aksjon, vil vi gjerne få dei i arkivet vårt. Send dei f.eks. til whkulset@online.no.

   

Fjord til fjell-dagane 10.-13. juni  
Årets Fjord til fjell-dagar vart dei blautaste i historien. Landet var prega av flaum og stengde vegar overalt. I Øvre fekk fleire oversvømte kjellarar. Publikumsoppslutnaden vart sjølvsagt påvirka av vêret, men vår aktivitet gjekk som planlagd; vaffelsal og speling hand i hand.


Elva gjekk stri laurdags morgon også.


Ganske folketomt.


Etter kvart kjem kaffi-/vaffelsultne kundar.

Nestan opplett under konserten ved brakka i Saltviki.



Anders let seg ikkje affisere av regnvêret.

Med regntøy eller paraply kan ein trasse regnet.

ÅTIL sel grillmat.

Desserten får dei hjå oss.


Søndag og SOL!!!

Mykje folk ville sjå på...

... berre nokon få drista seg på zumba.

Glimt frå 1. mai  
Årets 1. mai varta opp med strålande vêr - så flott var det at vi måtte kaste jakka før demonstrasjonstoget. Elles gjekk dagen meir eller mindre i eitt som den peier.


Halv åtte og alt for tidleg...

Enno i skuggeland.

Trufast publikummar.

På veg til salutt og flaggheis.





1. mai-kommitéen er klar til innsats.



Snart demonstrasjonstog.




Årdalskoret bidreg til feststemninga også.

Ikkje som i gamle dagar,

men bra med folk likvel.

Klart for hagekonsert på sjukeheimen i Seimsdalen.

Glimt frå nasjonaldagen  
Nasjonaldagen vart feira på tradisjonelt vis med flaggheis om morgonen, barnetog, festarrangement og avslutting med hagekonsert på sjukeheimen i Seimsdalen. Ikkje det beste vêret, men det kunne også vore verre. Dette var året då Oddgeir forsov seg for fyrste gong og korpset berre hadde to kornettar i gata. Det gjekk strålande likevel.


























Jonas i jungelen - vårens vakraste eventyr  
Saman med 1.-5. klasse fekk vi vere med på framføringa av "Jonas i jungelen" 10. mars. Det var ei uforgløymeleg oppleving. Her kjem nokre bildeminner frå prosjektet.


No skal det øvast med korpset.


Litt publikum sneik seg inn for å høyre.

Lyd må til, også på øving.






Jungelmat - gåve frå Prix.

Klart for første fellesøving.

Spreidd orden!


Flotte kostymar.

Musikalkoret.




Generalprøve premieredagenen.


Mykje arbeid å få til eit ensemblebilete.


Elefantar med snabel i kvilestilling.


Hm... Klart for fotografering, tru?


Marie haddde jobb både i orkestergrava og på scena.


Sigyn og langvegsfarande publikummar Christine frå Stavanger via Osterøy til Årdal.

Premierefest? Iallefall hyggeleg å sette seg ned saman etterpå.

Årskonserten 5. februar  
Årskonserten vart også i år lagt til restauranten på Klingenberg Hotel. Mykje folk fann vegen og høyrde på korpset og dei unge gjestane.


Ny profilering av sponsorar dei neste 3 åra.



Konsertlokalet klargjerast.


Publikum vert ynskt velkommen.










Klart for loddsal.




Konsertavslutting med "Tangingen".

Vi samlast til årsfest etterpå.

Vi syng til ære for oss sjølve og ein vellukka konsert.

Klare for ein velfortent matbit.

Meny: Klingenberg Spesial og Milde Måne.

Utskriftsvennlig versjon