Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Biletgalleri
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 850

 

 


2012 Vårsesongen

Skulle du ha bilete av korps og korpsmedlemmar i aksjon, vil vi gjerne få dei i arkivet vårt. Send dei f.eks. til whkulset@online.no.

   

Målrock - sal av frukost og nattmat  
For tredje året på rad har korpset rigga salsbod ved festivalcamp'en i Saltviki for å forsyne svoltne festivalgjengarar med frukost og nattmat. Menyen er enkel, men god - brødskivar med egg/bacon og kaffi, juice og melk.


Mattidene er annonsert.

Rigging pågår for fullt.

Grillen må vere i vater om speilegga skal halde seg på plata.

Fettavrenninga må også vere i orden.

Utespeling og sommaravslutting  
Når festdagane i mai er over, nyttar vi øvingskveldane til utandørs speling rundt omkring i bygda. Sesongen avsluttar vi alltid i Vikadalen hjå Harald Skjerping. Då nyttar vi hagen som konsertscene og spelar for nabolag og andre som finn vegen. Etterpå avsluttar vi sesongen med grilling og sosialt lag.


Klingenberghagen 5. juni


Bruremarsjspeling på Jonsok i Seimsdalen.






Klart for speling i Vikadalen 19. juni.

Fast flaggdag.

Beachflagg syner publikum vegen.


Oddgeir driv rekrutteringsarbeid.


Duett for 2!

Det kjem publikum også!



Klare for grillmat.

Linda trakterar også trekkspel.


May Terese og Berit Margrete nyt kveldssola i Vikadalen.

Arne Harry held kokk Harald med selskap.


Trond Bjarne og Ingunn har fått bevis på sine 5 år i korpset.

Marie har vore med i 3 år.

Desse har passert både 10 og 25 år i korpset - Asle, Per, Berit Margrete, Harald og Svein.

Desse mangla 10-årsmedaljen, men har vore med mykje lenger: Ivar, Kristin, Oddgeir, Atle, Arne Harry

Hilde har vore med i 5 år og har i tillegg vore klarinettinstruktør. Det fortener både medalje og gåvekort.

Fjord til fjell-dagar  
På dei årlege Fjord til fjell-dagane er korpset travelt oppteken med å servere publikum kaffi, saft og vaflar. Det gjev gode pengar til korpskassen. På laurdagen tek vi ein dryg times pause for å spele konsert ved brakka i Saltviki.


Min bil er lasta med... det meste.

Hm - har vi fått med oss alt, tru?

Rigging fredag.


Klare for vaffelsal, Per og Ingunn.







Marie og Hilde morar seg i karusell.


Varelager.



Klare for konsert ved Russarbrakka.

Lærdøl Elin Haugland bistår på trombone.

Det gjer også Magnhild Aspevik på klarinett.




Nasjonaldagen vår  
17. mai 2012 vart velsigna med godt vêr til tross for kva meteorologane hadde varsla. Korpset hadde ein fin "arbeidsdag" som starta kl.07:30 og slutta ca. kl. 17:00.

Vi var 25 marsjerande i gata. Vi mangla 5, men hadde fått forsterkingar av ein - nemleg Gunnar Romøren på kornett. Katrine C. Fredheim stilte sjølvsagt opp sjølv om bustadadressa no er Hamar. Dessutan har vi ein trufast faneberar, Ulrik De Claville Ibsen. Ein stor takk til desse tre som på ulike måtar ga oss litt ekstra "boost" på dagen.

Dagens program:

  • 07:45 Oppmarsj frå Hydrovegen til Rådhuset
  • 08:00 Flaggsignal ved flaggheising på Rådhuset
  • 09:00 Lotterikonsert, i år hjå Bjørn Borlaug
  • 10:30 Utekonsert, sjukeheimen på Tangen (1. året)
  • 11:00 Barnetog
  • 13:15 Musikalsk innslag i festprogrammet i Tangenhallen
  • 16:00 Utekonsert, sjukeheimen i Seimsdalen

  • Stille i gata når vi starter dagen.


    Like før klokka er åtte med salutt og flaggheis.

    Litt plunder - nye flagg, men ikkje nye krokar.

    Kristin og Marit klare for ein lang dag.

    Gunnar Romøren på besøk hos bror Atle. Det vert det musikk av.

    Snart overraskande lotterikonsert.

    Vinnaren var ikkje heime, men det var naboane.


    Snart er vi klare til ny dyst...


    Stappfull idrettshall, 6-700 menneske kanskje?

    Hvilepause for ein sousafon.




    Dirigent Oddgeir ladar opp.

    Skulekoret er klare for sitt bidrag.


    Klar for siste konsert - på sjukeheimen i Seimsdalen.



    Hos oss får ein nytte bunad i staden for uniform. Det er visst ikkje slik alle stader.

    Fra 1. mai  
    Dagen startar med oppmarsj og salutt kl. 8. Deretter spelte vi på sjukeheimen i Seimsdalen og til slutt i demonstrasjonstog og ved talane framfor Rådhuset.


    Vêret lovar godt sjølv om toppane har nysnø.

    Oppvarming ved Rema kl. 0740.


    Puh - fyrste marsjtrening... Meir treng ein vel ikkje seie.


    Publikum ved sjukeheimen i Seimsdalen bur seg på konsert.



    Demonstrasjonstoget neste - og siste post på programmet.


    Varmt sjølv om jakka er kasta.


    Apirantdebut på offentleg arrangement.

    Vårøvingar med aspirantar  
    Frå april inviterte vi aspirantane på skulen med oss på fyrste halvdel av øvingane.


    Store og små gjer seg klar til øving.


    Pause med kake og saft.


    Ein erfaren og ein nybegynnar hjelpast åt - Mona og Selina.

    Eline og Odd.


    Full konsentrasjon i kornettrekka - Eline, Odd, Aurora og Asle.

    Etter årskonsert fylgjer årsfest  
    Sidan den fyrste årskonserten i 2007 har vi hatt årsfest på Klingenberg Hotell rett etter konserten. Då er sjølvsagt konsertgjestene våre invitert og på festen i år var vi ca. 70 til bords.


    Tyste, svoltne og klare for middag og fest.












    Glimt frå årskonserten  
    Laurdag 11. februar 2012 vart den nye kinosalen i Samfunnshuset innvigd som konsertsal. Det er ikkje noko optimalt konsertlokale lydmessig, men det er ein flott sal og publikum fann seg godt til rette.


    Vi er klar til konsertopning.

    konsertdebut for unge musikantar.




    Rune Wold frå NMF kom på visitt med heidersmedalje i lomma.

    Ein meir fortent medaljemottakar finnast knapt.


    Lærdal Musikklag har overteke scena.




    Flåm Musikklag avslutta konserten før fellesnummeret.



    Atle bisto FML på tuba og fekk burdagssang som takk dagen før 70-årsdagen.

    Førebuing til årskonsert  
    Årskonsertet i januar/februar kvart år er korpset sin hovudkonsert. Frå vi startar etter jul og fram til konsertdagen, har vi to øvingar i veka - tysdagar og torsdagar. Så kjem konsertdagen - då skal konsertlokala ordnast og ein generalprøve må vi også ha. Særleg når lokalet er så nytt som i år.


    Unge musikantar på besøk og fellesøving.






    Litt ymse førebuingar, m.a. snekring...


    Sponsorreklamen er på plass.

    Generalprøve på konsertdagen...

    ... for små og store...

    ... i ein heilt ukjend sal.






    Dagen derpå - dirigenten feier nokre få unoter ut av konsertlokalet.

    Attende i kinosalen  
    17. januar vart kinosalen i Samfunnshuset opna etter ombygginga. Dermed var vi attende med øvingar i den nye salen etter nærare 2 år på med øvingar på Tangen skule. Vi fekk prøve salen 2 dagar før opninga med "plastsokkar" på føtene. Og så fekk vi vere med på opninga med både å spele folk inn i salen og innleie opningsprogrammet og den fyrste filmframsyninga.







    Utskriftsvennlig versjon