Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Biletgalleri
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 664 441

 

 


2009 Vårsesongen

Skulle du ha bilete av korps og korpsmedlemmar i aksjon, vil vi gjerne få dei i arkivet vårt. Send dei f.eks. til whkulset@online.no.

   

Samspelkurs i Ørsta  
NMF Nordvest sitt 9. "Samspelkurs for vaksne" gjekk som vanleg av stabelen i Ørsta i månadsskiftet juli/august. Dit dro 5 korpsmedlemmar - Oddgeir (for 5. gong på rad) og Christine, Katrine, Merete og Wenche (alle for fyrste gong).


Fyrste øving torsdagskvelden.

Og det vart frokost fyrste dag.

Kvinneleg slagverktrio frå Årdal øver trommemarsj frå Haugesund.

Twister - del 1.

Twister - del 2

Taushet er gull ...

...veldig vanskeleg ...

... og ustyrteleg morsomt å sjå på!

Stort instrument - stor skjorte.

Naturfestival og mykje folk i Ørsta sentrum.

Treblåsensemblet spelar først.

Så kjem messingensemblet.

Katrine, Merete og Christine gjer til beste trommemarsj frå Haugesund.

Tyrolerensemblet spelar medan...

... dirigenten tek åtgjerder ...

... mot smitte av svineinfluensaen.

Heile korpset i aksjon.

Jippi - pizza og bowling.

Stilstudie...

Godt humør!

Wow... Diskolysa vert slått på.

Morgonstell for bassklarinett.

Notearkiv?

Det er slutt for i år - fergekøblues...

Tyrolerjazzplayalongkvintetten  
Dette er ein uformell ekstraaktivitet i korpset. Ein gong i veka samlast dei som har lyst til uhøgtidleg bladspel av ymse underhaldningsmusikk. Stort sett er dei ein kvintett, men frå tid til annan dett nokre andre korpsmedlemmar innom også.


Det starta i september 2008.

Frå utespeling til adventskalendarsalet i desember.

24. juni sette dei seg til framfor Samfunnshuset og underheldt forbipasserande ein god time.








Målrock-laurdagen benka 6 frå korpset seg i sentrum. Målet var å kapre nokre besøkande korpsmusikantar til speling.

Fyrst kapra dei ein kornettist.

Så kom det til ein trombonist.

Deretter ein barytonist.

Og brått var dei tre på bassrekka.

Sluttresultat: Nonett (9) med slagverkar utanfor biletet.

Sesongavslutting med Fjord til fjell-dagar  
Vårsesongen vert som vanleg avslutta med Fjord til fjell-dagane 12.-14. juni. I år vart det vanleg øving tysdag før det braka laus - den siste øvinga i Samfunnshuset før ombygging. No ventar 2 år på legd. Fredag rigga vi oss til med "vaffelekspressen" i symbiose med ÅTIL og deira grillmatservering. Der heldt vi det gåande til søndag ettermiddag. På laurdagen tok vi oss fri frå vaffelsteikinga eit par timar for å halde konsert ved "russertrappa" ved Sogelags-brakka i Saltviki.


Siste øving med finjustering av programmet til konserten laurdag.





Siste øvinga i det "gamle" Samfunnshuset er historie.











Hagekonsert i Holebyen  
Tysdag 2. juni var vi invitert til å halde hagekonsert hjå slagverkar Harald i Holebyen i Vikadalen.


Vaiande flagg helste oss velkommen.

Verten sjølv.

Traktering med fleire sortar heimebakst.


Vi riggar oss til.



Idyllisk .

Publikum kjem til.

Robert Kvam frå Sogndal dirigerar "Tyrolerswing-jazzclassic-playalongkvintetten"

Robert har vore i Tyrol og handla siste mote i tyrolerhatt.

17. mai i strålande vêr  
Feiringa av nasjonaldagen gjekk etter tradisjonelt opplegg og i strålande vêr. Det var oppmarsj med flaggheis, barnetog frå skulen, festarrangement framfor Samfunnshuset og hagekonsert på Seimsdal sjukeheim. Ca. 25 musikantar var i aktivitet i vel 9 timar.


Klokka har passert kl. 0730 og korpsdagen er i gang. Oppmarsj til flaggheis.

Vi ventar på salutt og ...

... flaggheis. Mona i sivil som medlem i 17. mai-komitéen i år.

Så var det frukost på hotellet.


Under frukosten vert vinnar i 17. mai-lotteriet vårt trekt.

Hanne leitar etter vinnarloddet. Kvar skal vi i år mon tru?

Det vart Seimsdalen og hagen til fam. Midtun.

Dernest står skuletoget for tur. Klokka nærmar seg kl. 11.

Toget på veg ned mot sjukeheimen.



Og vi spelar.

Kranspålegging.



Vi gjer oss klare til speling på festplassen.


Utruleg mykje folk ute i år.



Russen var kor då korpset spelte den ikkje ukjende "Halelujah".

Dei fekk bestått på det bidraget iallefal.

Lotterivinnaren får blomsterhelsing.

Og så gjekk turen til sjukeheimen i Seimsdalen.

Hagekonsert i vel ein halvtime.

Aspirantane var med....

... her med "moves" til låten YMCA.

Stemming av sekkepipe er ikkje enkelt.

Knut Olav spelar "Amazing Grace" ...

... saman med korpset før vi avslutta konserten og dagen med "Ja, vi elsker". Klokka er blitt 1645.

Korpset på 1. mai  
Tradisjonell feiring med flaggheis, frukost, demonstrasjonstog og konsert på sjukeheimen i Seimsdalen.


Vi ventar før toget.

Ulrik Ibsen - trufast fanebærar dei siste åra.






Olav ladar opp til konfirmasjonshelg.








Klar for siste økt - konsert i hagen til sjukeheimen i Seimsdalen.





Vårkonsert 31. mars  
Nærare 150 personar fann vegen til vårkonserten vår i festsalen i Samfunnshuset. Konserten er sannsynligvis det siste kulturarrangementet i huset før ombygginga tar til.


Mykje publikum i mange aldrar.

Olav spelar "You raise me up".



Ine H. Aannevik song "I don't know how to love him" med korpset.

Stein Arne Larsson var også solist med korpset.


Kristin spelar "Prinz Igor Theme".


Knut Olav med sekkepipe i "Amazing Grace".

Torsdagskvintetten sytte for pausemusikk.

Tunnelopning i Naustbukti  
Tysdag 3. mars var dagen for opning av forlenginga av Naustbukttunnelen. Etter underhaldning og talar/intervju i Bukti, hadde korpset æra av å leie folkemarsjen gjennom tunnelen mot Tangen der det var høgtideleg snorklipping av fylkesordførar Nils R. Sandal. Takk til Kari Jorunn og Egil Jørgen for bilete til korpset si minnebok.


Nett oppkomne.

Førebuing ...

... og ...

.... venting.

Toget tek form.

Ordførar, fylkesordførar og ass. vegdirektør i spissen.


På veg inn i "holet".






Vi ser lyset.



Ja, vi elsker, Congratulations og Our Director vart spelt i tur og orden.

Nesten heile gjengen etter endt oppdrag. Stortrommekonsulent Elle frå Lærdal i front.

Glimt frå årsfesten 31. januar  
Etter vellukka årskonsert samla musikantar med følge seg på Klingenberg til middag og sosialt samvær. Det vart ein triveleg kveld som heldt fram uti dei små timar.


Triveleg lag.


Pengekrevjaren i aksjon.

Fornøgde ungdomar ..


.. og fornøgde vaksne.


To dirigentar etter konserten.

Og alle ventar på mat.












Og så kom maten på bordet og fotografen tok fri....

Årskonsert 31. januar  
Rekordstort publikum for vår del - ca. 150 i salen. Som gjestekorps hadde vi i år Osterøy Janitsjar med dirigent John Brakstad på besøk. Det var eit svært triveleg bekjentskap. Korpsa hadde kvar si avdeling og avslutta med "On Parade Again" som fellesnummer. Midt i hadde vi som vanleg pause med servering av forfriskingar/snacks og loddsal.


Dei siste førebuingane.

Perm frå konfirmantleir og rett på konsert.

Klar for scenedebut.

Snurr film - filmsjef i aksjon.

Sjefen sjekkar siste detaljar.

Spente debutantar.


Innta plassane.


Oppvarming og stemming.

Gjestane testar sceneforholda.



Dirigent for Osterøy Janitsjar, John Brakstad.

Lærdøl på villstrå? Nei, ein trufast tilhøyrar frå grannekorpset.




Mykje folk og god stemning i pausen.

Osterøy Janitsjar har innteke scena.


Vår felles klarinettist, Christine Nyheim, spelar "Gabriels Obo".



Seminarhelg 23.-25. januar  
Denne helga hadde korpset sitt fyrste seminar med innleigd instruktør på mange, mange år. Ein gamal kjenning av korpset (frå 70-talet), Kjell Martinsen, var attende.


Fyrste møte.








Hyppige notatar i partituret.

Konsert- oppstilling vert diskutert.


Frå matøkt i Seimsdalen.







Oddgeir takkar for besøket med litt kortreist mat.

Søndagsøkt med aspirantar og korps i samspel.



Mon tru kva dei driv med her?

Berre den som kjem på konserten får vite det.





Blide og fornøgde aspirantar etter sitt fyrste samspel med eit stort korps.

Frå tysdagsøvingane våre  
Glimt frå øvingar og daglege syslar.


Vårsesongen er i gong.



Ekspertane spekulerar..

på løysinga.

Svein Petter - fornøgd eigar av ny tuba.

Og her er dei andre med eigne instrument.

Test av nytt øvingslokale på skulen.


Siste del av øvinga - ein bitteliten utekonsert for inn- og utspaserande på skulen.

Utskriftsvennlig versjon