Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Biletgalleri
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 664 430

 

 


2009 Haustsesongen

Skulle du ha bilete av korps og korpsmedlemmar i aksjon, vil vi gjerne få dei i arkivet vårt. Send dei f.eks. til whkulset@online.no.

   

Nokre glimt frå julekonserten  
Julekonsert i Årdal kyrkje laurdag 12. desember. Nokre få glimt frå utøvarplass.


Korps og dirigent startar oppvarminga ein times tid før konserten.


Tubarekka har funne sin rette plass - bak altarringen.

Framleis nokre detaljar som må noterast ned.

Allereie ein halvtime før konserten var mange på plass!

Ein siste sjekk av stemminga.


Anders tek ein "pep talk" med dei yngste utøvarane i Frøet/Solsikka barnegospel.

Travel korpshelg i september  
Ei hektisk korpshelg med korpstreff i Lærdal laurdag 26/9 og speling på gudsteneste i Årdal kyrkje søndag 27/9. Det var Lærdal Musikklag som arrangerte korpstreffet. I tillegg til oss, deltok Voss Musikklag, Kaupanger Skule- og Ungdomskorps, Flåm Musikklag. På søndag ettermiddag akkompagnerte vi til salmesong på "hausten si påskegudsteneste".


Vertskapet tek imot oss i Lærdal.

Litt oppvarming.


Christine sitt besøk frå Florø ga oss ein ekstra tubaist - Torstein Hamrebø.

Litt annleis oppvarming.

Jan Øren hjalp oss på bariton. Takk til begge gjestemusikantane :-)

Godt humør i Kaupanger-gjengen.

Flåm Musikklag gjer seg klar til "buskspel".

Nyverva bukk profilerar korps og sponsorar.

Voss Musikklag spelar.

Så er det vår tur snart.




Korpsa gjer seg klare til kappspeling av "Gammel Jegermarsj".

Mykje publikum ville få med seg dette.

God stemning blant konkurransedeltakarane.


Dommarane.

Arrangementsgeneral slappar av.

Maten lot vente på seg.

Til slutt måtte ein finne andre matkjelder.


Klar for konsert - Voss Musikklag.

Arrangementsgeneral Lars Øyvind leia konserten i laus og ledig stil.

Solist i Voss Musikklag.

Voss Musikklag.

Flåm Musikklag.

Kaupanger Skule- og Ungdomskorps.

Så var det vår tur.




Lærdal Musikklag med Oddgeir ..

med Elle som solist.


Konserten er ferdig og vi ventar på maten.

Elle syter for god stemning..

og fekk også lokka Hogne frampå.

Stemninga var upåklageleg.

Og så var kvelden over.

Søndag kl. 16 ...

og oppvarming før gudsteneste kl. 17.


Enkelt altar.

Stein Arne syng og spelar.

Nokre fann vegen ned på kaféen etter gudstenesta.

Glimt frå haustens øvingar  
Med haustsesongen kom også nytt øvingslokale og ny dirigent. Øvingslokale er formingssalen på Tangen skule. Dirigenten er importert frå Aurland/Flåm og heiter Anders Mo.


Haustens første øving. Arne Harry og Anders (ny dir.) mønstrar flokken og lurer på korleis denne sesongen skal bli.

Oddgeir har teke plass i kornettrekka. Med frå Aurland følger også Torill med etternamn Mo...

Eit lite glimt av flokken.

Latteren sit laust.

To kornettaspirantar er innom.

Det skjer visst noko spesielt?

Å ja - gamle kunstar kjem til overflata.

Pause(musikk).

Dørar kan nyttast til så mangt.

Mon tro kva Anders spekulerar på her?

Løysinga på ei eventuell kornettkrise.

Jens Hoffmann frå St. Martin i Tyskland, jobbar i BASF og var på besøk hjå lab'en til Hydro. Han var også slagverkar i korps heime.

Slik kan også ein 19-årsdag feirast - på øving!

Utskriftsvennlig versjon