Print this page
 

Velkommen til nye Tangen Skulemusikk!
c
(2016-05-22) Velkommen til Tangen Skulemusikk!

Eit lite historisk tilbakeblikk

Tangen Skulemusikk vart avvikla midt på 1990-talet. For å gje eit samspeltilbod til ungar på korpsinstrument i kulturskulen, vedtok korpset overgang frå vaksen- til generasjonskorps i 2003. I åra sidan den gong, har vi heile tida hatt nokre ungar/ungdommar med oss som musikantar.

Etter ein periode med vurdering av ulike tiltak, bestemte vi oss på hausten 2015 om å arbeide for restart av Tangen Skulemusikk som ei eiga avdeling under Årdalstangen Musikklag. Første rekrutteringsaksjon vart gjennomført rett før juleferien 2015 og i januar starta dei første aspirantane.

Ny rekrutteringsaksjon var gjennomført no i mai - for dei som skal starte etter sommarferien.