Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Tangen Skulemusikk
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 664 410

 

 


Bli med i Tangen Skulemusikk!
 

(2016-08-18) Me ønskjer ungar velkomne som nye korpsmusikantar i Tangen Skulemusikk no i haust.

KVA TILBYR VI?

  • Vi gir grunnopplæring på messinginstrument som er dei berande instrumenta i korps.

  • Vi tilpassar øvingstid til andre aktivitetar så langt det er mogleg. Ikkje nøl med å kontakte om de er interessert.

  • Som lærar får du Ben Hirons som har har universitetsutdanning på trompet/messinginstrument.

  • Du får opplæring i eller i tilknytting til skuletida i eit opplegg som er avtala med skulen.

  • Opplæringa vil vere ei blanding av gruppe– og enkelttimar med lærar.

  • Du vil tidleg få spele saman med andre i korpset, på konsertar og andre arrangement.

  • Spelar du allereie eit korpsinstrument og ikkje er medlem i korpset, tilbyr vi ekstra instruksjon og fellesøvingar.


NB! Ynskjer du å spele klarinett, saksofon eller fløyte, ber vi om at du kontaktar Kulturskulen for å få grunnopplæringa. Korpset har ikkje instruktørar på desse instrumenta. Du er sjølvsagt velkommen som korpsmusikant på desse instrumenta også.

KVIFOR SPELE I KORPS?

Rekrutteringskonsert
  • Korps er ein god og livslang hobby, uansett kva nivå du ynskjer å utøve den på. Vi har ingen reservebenk.

  • I korps har vi samhald på tvers av alder.
    Dei yngste og dei eldste spelar saman og bidreg til felles musikalske opplevingar.

  • Korps gir sjølvtillit og verdiar!
    Å meistre eit instrument gir sjølvtillit. Du får trening i å opptre foran publikum og få anerkjenning og applaus frå publikum. Det er god ballast å ha med seg.

  • Korps gjer deg smartare!
    Forsking syner at å spele eit instrument er hjernetrim på høgt nivå. Til dømes syner ei svensk studie av fleire hundre barn over 4 år, at dei som spelte vart betre i både skriving, lesing og matematikk. Dei positive effektane var sterkare di meir musikkundervisning ungane hadde fått. Korpsmusikantar vert smarte vaksne!

KORLEIS MELDE SEG PÅ?

Rekrutteringskonsert
Påmelding kan gjerast på fleire måtar:
  1. Utfylt skjema nederst på sida og levér det skulen eller sendast til korpset si postadresse – Årdalstangen Musikklag, Postboks 78, 6885 Årdalstangen.

  2. Send epost til ardalstangen.musikklag@gmail.com med same informasjon som i skjemaet. Då treng du ikkje fylle ut og sende sjølve skjemaet.

KVA KOSTAR DET?

Årskontingenten i korpset er kr. 450 og dekkjer instrument og anna utstyr, instruksjon og undervisningsmateriell samt forsikring av både musikant og instrument ism. korpsaktivitetar.


BAKGRUNN

Midt på 1990-talet vart Tangen Skulemusikk nedlagt og Årdalstangen Musikklag overtok eignelutane til korpset etter avtale med Tangen skule. Korpset endra organisasjonsform frå vaksenkorps til generasjonskorps og har sidan hatt ungar/ungdommar med i korpset.

Den største utfordringa har vore å kunne gje god opplæring til nye musikantar, spesielt på messinginstrument som er dei berande instrumenta i eit korps.

Korpset har gjennomført eit organisasjonsprogram med assistanse frå Norges Musikkorps Forbund. Resultatet var mellom anna ei erkjenning av at det er naudsynt med heilt ny tenking/innsats om det skal vere eit korps på Tangen i framtida:
  • Folketalet på Tangen er tilstrekkeleg for å kunne ha eit godt korpstmiljø for både unge og vaksne.
  • Tangen Skulemusikk skal reetablerast som eiga avdeling i ÅML. Denne organiseringa vert støtta av skuleleiinga ved Tangen skule.
  • Skulemusikken treng ein dirigent/instruktør med messinginstrument som sitt spesialfelt. Kulturskulen har ikkje messingressursar tilgjengeleg og vil ikkje få det i overskueleg framtid.

Frå januar 2016 engasjerte difor korpset Ben Hirons som dirigent/instruktør for skulemusikken. Ben mastergrad i trompet/messinginstrument og spelar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som er Noregs-meistrar fleire gonger - sist no i 2016.

Korpset er glad for avtalen med Årdal kommune og Kulturskulen der Ben er engasjert i ei prosjektstilling for at korpset skulle sleppe å påta seg arbeidsgjevaransvaret.

   


Get Adobe Reader

Read file
 Skjema for innmelding




Utskriftsvennlig versjon