Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Tangen Skulemusikk
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 679 730

 

 



Korpssesongen 2016/17

(2016-08-18) Velkomne til ny korpssesong!
Vi ynskjer gamle og nye skulemusikantar velkomne til korpsåret 2016/17. Vi voner alle har hatt ein fin sommar og komme inn i kvardagsmodus igjen.

Basert på erfaringane frå vårsesongen som var den fyrste i nye Tangen Skulemusikk, ynskjer Ben å gjere litt justeringar i øvingsopplegget. Det er ei kjensgjerning at det ikkje er mange av oss i «vaksenmusikken» som har ungar i skulealder og vi kjenner lite til både skulekvardagen og fritidsaktivitetane. Styret ynskjer difor å få dykk som føresette meir involvert i planlegginga av aktivitetar for ungane. Kva er praktisk, kva er kjekt og kva er mogleg for å gjere korps til ein kul fritidsaktivitet på Tangen. Meir om dette nedanfor.


Korpsinformasjon

Denne informasjonen er sendt ut på epost til alle føresette og publisert på Tangen Skulemusikk si lukka FB-gruppe. Vi har forsøkt å finne dykk på FB og invitere dykk som medlem i FB-gruppa. Til dei vi ikkje har nådd: Send ei melding med namnet/profilen din på FB slik at vi kan invitere deg. Gruppa er ikkje synleg for andre enn dei som er medlem og vert nytta som informasjonskanal. Dersom de ikkje er på FB, sender vi sjølvsagt informasjon på epost.

Alle tilbakemeldingar på dette info-brevet kan sendast til wenche.hals@kulset.no


Korpset i skulen

Ben er tilgjengeleg for korpset frå tysdag kl. 12 til onsdag kl. 11. Vi har ikkje fått tilbakemelding frå skulen om at vi slepp til i skuletida. Difor vil øvingsplanen i hovudsak bli basert på øvingar rett etter skuletid og utover på tysdagar. MEN som føresette kan de ta kontakt med skulen og høyre om dykkar unge kan få ta øvinga i skuletida. Det er også viktig at de etterspør å få korps inn i skulen i dei ulike skuleforaene/foreldremøta. Veldig mange stader er dette ei vellukka ordning, mellom anna slik Farnes Skulemusikk har.


Øvingsopplegg for 2016/17

Korpsetkalendaren følger skuleruta, men vi kan ha øvingar t.d. i haust-/vinterferie (dagtid?). Dette kan vi tilpasse seinare.

TYSDAG 23. AUGUST
Kommande tysdag samlar vi alle musikantar frå kl. 14:15-15:45 i «lafterommet» der vi vanlegvis har øvingar. I tillegg til å bli kjende og spele/leike med musikk, vil dei få pizza og brus. Vi håpar det vert ein kjekk start på sesongen. Gi beskjed om ev. allergiar slik at vi kan ta omsyn til det.

ETTERFØLGANDE TYSDAGAR
Ideelt skulle Ben gjerne hatt 1:1-timar med kvar musikant, men det får vi ikkje til utanfor skuletida. Vi har difor sett opp timar for heile tida Ben er tilgjengeleg inkl. tider som grip inn i skuletida. Vi treng informasjon frå kvar av dykk for å fordele timane på musikantane:

  • Kva for tidspunkt som passar for 1:1-timane? Sjå på tabellen nederst på sida og gi tilbakemelding om dei timane som IKKJE passar. Dersom det er transport heim som er problemet, gi beskjed om det. Det kan hende korpset kan finne løysingar på det. Det vil vi i så fall avtale nærare med kvar av dykk.
  • Etterkvart vil det også bli lagt inn fellesøvingar.

Foreldremedverknad

Vi ynsker å etablere eit arbeidsutval for skulekorpset med representantar frå styret (Wenche), musikalsk leiing og føresette. Vi vil gjerne ha med 2-3 føresette her. Som sagt er det viktigaste å planlegge aktiviteten og bestemme kva for speleoppdrag, turar etc. dei skal delta på. Vi tek eit foreldremøte i byrjinga av september der vi tek opp dette, men det beste var jo om nokon melder seg i forkant. Send ei melding til Wenche (sjå epost ovanfor) om du kan tenke deg å vere med.


Vidare rekruttering

Fleire av dykk har meldt frå at det er fleire som er interessert i å vere med i korpset, men at kollisjon med andre aktivitetar kan vere eit problem. Vi er usikre på korleis vi skal nå fram til desse. Vi kjem til å publisere informasjon på heimeside og FB-gruppar, og kanskje sette inn annonse i avisa med oppfordring å ta kontakt med korpset. Eit nytt ope møte som vi hadde for dykk nye, kan også vere aktuelt. Vi vil oppfordre dykk som møter føresette/ungar som nemner interessa, om å avtale å formidle kontakt med korpset. Då kan vi ta direkte kontakt og gjere avtale med kvar einskild.

Med helsing
for styret
Wenche Hals Kulset

   

Timeplan  
Sidan skuledagen sluttar kl. 13:15 og 14:15 for musikantane på tysdagar, er det mogleg vi skyv litt på timane når endeleg plan vert sett opp.

Vekedag  Instruksjonstimar 
Tysdag   12:00 - 12:30 - 13:00 - 13:30 - 14:00 - 14:30 - 15:00 - 15:30 - 16:00 - 16:30 - 17:00 - 17:30  
Onsdag   09:00 - 09:30 - 10:00 - 10:30  

 

Utskriftsvennlig versjon