Print this page
 

Velkommen til oss
c
c
 
Frå ein særs vellukka korpstur til vinfestival i St. Martin, Tyskland i 2010.
  Frå julegatespeling i 2010.
 
Frå julegatespeling i 2010.
(2016-08-18) Vi er eit tradisjonsrikt musikkorps med to avdelingar, eit hovud-/vaksenkorps og eit skulekorps. Satsinga på skulekorps starta vi i 2016 etter at skulekorpset hadde vore nedlagt sidan siste halvdel på 90-talet.

Vi har ei øving i veka og med ekstraøving eller seminar ein gong i blant.

Hovud-/vaskenkorpset er på i overkant av 20 musikantar Vi har god plass til fleire korpsentusiastar uansett om du har spelt lenge eller ikkje har spelt på mange år.

Me øver i kinosalen i Samfunnshuset på Årdalstangen - TYSDAGAR frå kl. 19. Inngangen er frå på baksida av huset, der er det berre ei dør. Gå ned trappa og inn til høgre, så finn du oss. Ta gjerne kontakt med ein av oss i styret dersom du ynskjer hjelp til å finne fram.

"Vi skal ikkje bli god, men vi skal alltid gjere så godt vi kan."
Dette er mottoet vårt og det vi lever etter. Difor greier vi å stille med musikantar rundt 20 dagar i året i lokalsamfunnet.

Vi har ord på oss for vere inkluderande. Om det er sant får du vite når du kjem innom. Du får låne instrument etter eige ynskje - eller kanskje du er den heldige eigar av ditt eige? Om du spelar litt feil vil du oppdage at det ikkje er noko krise. Betre å spele feil og kunne rette feilen, enn å ta pause og ikkje forbetre seg.

Korpset har ein velfungerande organisasjon og ein trygg økonomi. Vi er mellom dei beste korpsa i Noreg på informasjon/heimeside, økonomistyring og har ein solid posisjon i lokalsamfunnet.

Ta turen innom. Du vil heilt sikkert føle deg velkomen og bli teken godt vare på.

Med helsing
Kristin Henriksbø Horge
- Styreleiar -