Print this page

Eit historisk tilbakeblikk
c
c
Etter eit møte i juni 1946, vart Fagforeningens Musikklag på Årdalstangen stifta 27.01.47. Åtte instrument til ein verdi av kr. 3258,40 vart innkjøpt og levert ut til musikantar på våren. Medlemstalet på 50-talet varierte mellom 10-20 personar. I protokollar kan vi lese om arrangement av dansekveldar (med korpsopptreden) og tallause speleoppdrag i ymse formar. I 1955 gjekk fagforeiningane inn på ei ordning som ga korpset ei støtte på 2 kroner pr. fagforeiningsmedlem.

1960-talet

I 1961 arrangerte korpset sitt fyrste musikkstemne for Sogn musikkkrins. Elles deltok korpset regelmessig på dei årlege krinsstemna. I 1964 dro korpset på ein tur Årdalstangen-Gudvangen-Voss-Vik-Årdalstangen. Det var speling på alle plassar og likeins på alle stoppestader på båten Vik-Årdalstangen. I 1967 vart dei gamle uniformane skifta ut. Medlemstalet låg frå 10-20 musikantar; 20-talet vart aldri passert.

1970-talet

70-talet var eit aktivt tiår for korpset. I 1975 skifta korpset namn til Årdalstangen Ungdomskorps. Då tok korpset óg opp eit lån på kr. 150.000 til nye instrument og uniformar. Lånet måtte styremedlemmane kausjonere personleg for! I 1976 arrangerte korpset sitt andre krinsstemne. Året etter var NRK og ”Janitsjarhalvtimen” i Årdal; då vart det gjort opptak av korpset sin framføring av marsjen ”Tangingen” av Asle Aanes. Den fana korpset nyttar i dag, vart kjøpt i 1979. Det året spelte korpset m.a. på kaia då kronprinsparet kom på besøk til Årdal. Medlemstalet var på det høgste oppe i over 40!

1980-talet

I motsetnad til 70-talet, skulle 80-talet bli eit tungt tiår. Korpset var både på musikkstemne i Ålesund og tur til England, men frå midt på 80-talet var det få medlemmar og krisestemning.

Nyare tid

Krisa på 80-talet enda med at korpset vart nedlagt 1991. Det vart restarta i 1994 etter initiativ frå Samorg. I samband med opninga av Lærdalstunellen, starta samarbeidet med Lærdal Musikklag. Korpsa har m.a. spelt saman i samband med alle tunnelopningane knytta til stamvegutbygginga. I 2000 tok ein innover seg at begrepet ”ungdomskorps” ikkje lenger var dekkande for korpset; det nye namnet vart Årdalstangen Musikklag. Det vart ”feira” med at ein på 17. mai i 2001 ikkje var speleføre - ”og det vart stilt på Tangen” stod det på trykk i avisa. Då vakna ”gamle” musikantar på Tangen - og korpset fekk nye medlemmar og ny giv. Sidan har det gått jamnt og trutt i positiv lei.

Korpset sitt hovudmål er å vere eit korps i bygda si teneste - vi ynskjer å bidra med musikk ved små og store hendingar. Dette trur vi at vi har lukkast med så langt........