Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Litt historie
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 663 962

 

 



Minner frå eit nedbemanna kontor

(2017-10-25) Eg er no ferdig med å rydde kontoret der eg har brukt utallige timar med dirigentstudiar og øvingsførebuingar. Alle partitur eg har dirigert har vore arkivert i alfabetisk orden. Dei er no fjernarkivert hjå Årdal kommune sitt anlegg i Geithusbakken. Spiralryggar, plast- og kartongomslag har eg fått sette ned i lagerrommet vårt - saman med holmaskina.

I tillegg til dette har det dukka opp nokre bilete som kallar fram spesielle minner. Nokre av desse ligg i biletserien nederst på sida.

Prospektkort frå Lærdalstunnelen


Det fyrste biletet i serien er eit minne frå opninga av Lærdalstunnelen i 2000. Der var vi engasjerte saman med Lærdal Musikklag for å sette farge på opninga. Me var ikkje so voldsomt fleksible reint repertoiremessig, men sette saman eit program som skulle fortelje ei historie. På programmet sto mellom anna ein tyrollermelodi. Den var presentert som ein meldodi som skulle bringe tankane inn på kva muligheitar som opna seg med dette praktverket av ingeniørkunst. Ein tidlegare soldat og befal i den norske motstandsrørsla reagerte svært negativt på dette, og drog frå opningssemonien. Han skulle "neiggu ikkje stå der å høyre på tyskarsangar". Alle andre klappa i allefall.


Eikanger-Bjørsvik Musikklag på scena


Etter Fjordfestivalane har Eikanger Bjørsvik fått eit spesielt forhold til Tangen og korpset vårt. Ved eit par høve har dei teke turen om Årdal når dei skulle austover. Dei følgjande bileta er frå ein stogg dei gjorde i samband med at ein eller fleire av medlemane der kom frå Valdres, og EBML skulle halde konsert/korpstreff i Fagernes.

Dirigenten var (truleg) Ray Farr. Til denne konserten og turnéen hadde dei mellom anna øvd inn eit arrangement av "Riverdance". Musikarane sto spreidde rundt om i heile salen i Samfunnshuset på Tangen. Og - dei meinte salen var ein av dei beste dei nokon gong hadde spelt i.

Ofte vart det nytta høve til å arrangere komitémøter med ein ikkje uvesentleg sosial karakter i samband med slike korpstreff. Møtelokale var som oftast gamle lagerrommet vårt. Ubegripeleg at vi fekk plass til alle effektene våre der - og folka.

Før EBML reiste frå bygda måtte dei sjølvsagt få seg ein matbete. Denne vart innteken saman med våre korpsmedlemmar i restauranten som berre var i drift ei kort stund, og som eg trur låg der Sogn Avis har kontor i dag.

Det er i alle fall sikkert at me har hatt det kjekt innimellom.

- Oddgeir -

   

Bilete frå kvardag og fest  
Klikk på kvart bilde og få det opp i større format.


Minnekort.

Eikanger Bjørsvik Musikklag under leiing av Ray Farr på scena i gamle samfunnshuset på Tangen. Truleg 1994.

Scena vart for liten for "Riverdance". Frode Rydland t.v. Håkon Nakken i front.


Medlemstreff i høve EBML besøket.


Lagerkos.

Gruppemøte og lagerkos. F.v. Georg Næuman, Marit Øygarden, Ane Kristin Haraldsen og Nils Kulset.

Utskriftsvennlig versjon