Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Litt historie
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 714 232

 

 


Lauv og korps sprett ut samstundes - Hakadal Musikklag på pinsebesøk ein gong på 70-talet.

Minner frå maidagane i gamle dagar
Flott syn i blå uniform med gullstriper i buksa.
 
Stramme karar i uniform. Du dreg sikkert kjensel på minst eit par....
 
Flott syn i blå uniform med gullstriper i buksa.
 
Flott syn i blå uniform med gullstriper i buksa.
 
Korpset på tur.
 
Korpset på tur.

Ein som heiter Oddgeir og som kallar seg "oldis", har festa sine minner frå maidagane i gamle dagar på papiret. Her kan du lese frå minneboka hans:

Mangt har endra seg sidan eg gjekk mine barnesko i skulemusikken, men jammen er mykje likt og.

"I dei dagar" så var det ikkje nokon særleg skilnad på 1. og 17. mai her på Tangen. Dagane starta med grytidleg vekketog. Vi starta på Hæreid 1. mai - gjekk alle gatene fram etter elvi og over røyrbrui til "410" der rundkøyringa er i dag. Der slo me oss i lag med vaksenmusikken. Dei hadde starta på Tippen (filialen eller også lengre oppe) og gått gatene i Vassbugen. I samla flokk gjekk vi ned på Tangen der det var flaggheis og frukost.

Dei som fyrde salutten var ikkje fullt so skikkelege eller hadde slike strenge tryggleikskrav som dei har i dag. Da var det saluttar som verkeleg dona gjennom dalen. Ofte kom både 2 og 3 ladningar samstundes.

På 17. mai bytte vi rute slik at skulemusikken gjekk frå "filialen" og vaksenmusikken frå Hæreid. Det var eit flott syn å sjå dei vaksne marsjere fram forbi Sløbakken i blå jakkar og grå bukser med gullstriper.

Å forsove seg var ei stor skam, men kvart år var det likevel ein familie som forsov seg. Etter kvart flytta vi rett og slett starten til denne adressa. Etter 3 vers av " Ja, vi elsker" og ein marsj på plassen, var alle komne på plass.

Eit minne som sit spikra er ein slik morgon frå eit av mine siste år i skulemusikken. Den eine eller kanskje to av desse ungane i huset hadde nok vore litt for seint i seng om kvelden - helst kanskje natta før. Dirigenten vår, urmakar Bolstad, hadde innprenta oss at alle måtte gå i pene rekker. Den som gikk fyrst i kvar rekke bestemte avstanden til dei attmed og takten i rekka. Ordren var klar: "Dei i rekkene bak SKAL følgje førstemann".

Når vi kom så langt at vi skulle ta til høgre heim Hæreidsvegen, så var førstemann i venstre rekke ein av desse gutane. Trøytt som ein dupp og sterkt konsentrert om "Military Escort" gløymde han å svinge, men tok rett ned Sløbakkvegen. "Military Escort" vart avslutta på ein heller uvanleg måte denne morgonen. Det let tynnare og tynnare til større avtanden mellom oss vart. Oppløysinga skjedde ikkje i slutta orden for å sei det slik.

Det var ikkje berre dirigenten som gikk i front med dirigentpinnen, ein gul blyant, som vart forvirra. Alle i korpset fekk seg ein god latter – og eit eller fleire "mobbeoffer". Alle i rekka fekk kollektivt skulda. Alle ungane som sykla eller gjekk i toget vart like forundra.

Vi vart etterkvart samla og dagen gjekk som andre dagar med barnetog etter same ruta som i dag. Folketog på ettermiddagen og speling på fest i Folkets hus om kvelden. Skulekorpsmusikantane fekk fri dei 2 første timane dagen etter.

Seinare då eg fekk spele med dei vaksne, hende det rett som de var at vi slo oss i lag med kameratgjengen og var oppe heile natta. Likevel gjekk vi alle toga og var med på spelinga frå vekketog til festen om kvelden. Men da tok det slutt. Det nytta ikkje å sutra om at vi var sletne eller trøytte. Ingen tykte synd i oss likevel. Dette var slik det skulle vere. Det var ikkje alltid at dei vaksne var heilt beine heller forresten. Og skammi med å ikkje orke å spele, var vi ikkje beredde til å ta.

Men jammen var det kjekt også. Det var kanskje dette slitet som har gitt oss gode minner og livslange vennskap.

    Utskriftsvennlig versjon