Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 175

 

 


Vi gjekk til topps!
 

(2010-11-04) Ved midnatt ble avstemminga om Noregs beste korpsheimeside avslutta. Saman med Vardal Skolekorps gjekk vi til topps i NMF sin kåring. Begge korpsa vann si klasse suverent med vel 65% av stemmene.

Vi rettar ein STOR takk til alle som har stemt på oss verda rundt!

Oppslutninga om avstemminga har vore fantastisk. Medlemane våre har sendt epost- og Facebook-meldinger til alt som kan krype og gå av vener og oppfordra dei til å sende den vidare. På denne måten klarte vi å kapre drygt 2.300 stemmer. Vi veit at det mellom anna er stemt frå både India, Qatar, Brüssel. Og sjølvsagt frå alle kantar av Noreg. Det skal bli spennande å sjå dersom vi får ei oversikt over kvar det er stemt frå.

Erlend Veland Thorsen i fagjuryen hadde eit håp om å nå opp i eit stemmetal på 2000. Det vart nesten dobbelt så mange.

I begge klasser var det konkurranse "by mot land". I vaksenkorpsklassen konkurrerte vi mot to Bergens-korps. I skulekorpsklassen dro Vardal Skolekorps på Gjøvik sigeren i hamn i konkurranse mot to Oslo-korps.

På NMF si heimeside kan du lese litt meir om resultatet.

    Utskriftsvennlig versjon