Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 718 313

 

 


Høg stemning i festivalteltet i St. Martin.

Wenn jemand eine Reise tut ...
Jens kom til Neustadt for å ta oss til heimstaden sin, St. Martin.
 
Godt humør prega heile gjengen frå vi gjekk på bussen i Årdal. Her frå besøket hos BASF.
 
Jens kom til Neustadt for å ta oss til heimstaden sin, St. Martin.
 
Jens kom til Neustadt for å ta oss til heimstaden sin, St. Martin.
 
Stemningsfull vandring med faklar.
 
Stemningsfull vandring med faklar.
 
Ein liten smakebit av St. Martin.
 
Ein liten smakebit av St. Martin.

(2010-11-17) Da er vi heime igjen etter ei kjempetriveleg langhelg i Tyskland. Litt av inntrykka er fordøyd og det er på tide å skrive ei lita – eller kanskje stor – reiseskildring til dei som ikkje kunne vere med på turen. Dei gjekk verkeleg glipp av mange opplevingar og mykje moro. Denne artikkelen vil berre kunne gi ein liten smakebit.

Torsdags morgon starta bussen i Øvre klokka halv sju med våre 6 reisande derifrå. Etter å ha samla opp resten av dei 26 reisande på Tangen, sette vi kursen for Flesland klokka sju. Og det var slett ikkje søvnige musikantar som inntok bussen – latteren stod i taket frå fyrste stund. Og slik heldt det seg gjennom heile turen. Det vart mange såre magemusklar etterkvart.


35 år sidan sist!

Korpset kan ikkje skilte med noko sterk utferdstrong. Midt på 70-talet hadde vi ein særs vellukka tur til England der vi mellom anna fekk møte Black Dyke Band på øving. Om det var det som tok luven av oss vites ikkje, men det skulle altså gå 35 år før ein ny tur vart gjennomført. Og det er iallefall sikkert: Det skal ikkje gå 35 år til neste gong! Og kvifor ikkje? Det kan seiast med orda til ein tysk diktar som heiter Matthias Claudius som levde på siste halvdel av 1700-talet:

Wenn jemand eine Reise tut,
So kann er was verzählen.
D'rum nahm ich meinen Stock und Hut
Und tät das Reisen wählen.


Det er nemleg slik at om ein ikkje tek seg ein tur ut ein gong i blant, så vert det mindre å fortelje vidare til dei som kjem etter.


Tilfeldigheitane rår

Som sikkert mange veit, er bakgrunnen for besøket til Tyskland at ein lærling frå BASF i Ludwigshafen var på utveksling hjå laboratoriet til Hydro her i Årdal. Dette er ei skikkeleg solskinshistorie på korleis slike utvekslingsprogram skal verke. Vi snappa tilfeldigvis opp at den besøkande lærlingen Jens Hoffmann var slagverkar. Då vart han sjølvsagt dregen med på øving hjå oss dei tre vekene han var her i bygda. Og vips – så kom det ein invitasjon om å komme på vitjing til KAB Blaskapelle i St. Martin.

St. Martin an der Weinstrasse er ein av dei mest idylliske landsbyane i Tyskland. Byen er freda og har gamle og velstelte bygningar. Namnet har byen etter helgenen St. Martin av Tours og midt i november feirar Tyskland han med ein festival som også avsluttar innhaustinga. Det var denne festivalen vi hadde gleda å bli invitert ned for å oppleve. Vi skulle spele konsert både på fredags- og laurdagskvelden og ellers få ta del i den spesielle festivalen.

Det vart ei minnerik helg. Vi fekk vitje tre byar, besøke storindustri og vinprodusent, rusle i idylliske gater og bli kjent med tyske korpsmusikarar. Frå torsdag til fredag overnatta vi i Ludwigshafen for å få med oss eit besøk hjå storbedriften Badische Anilin- und Sodafabrik eller BASF som dei er meir kjend som.


Konsertnervar

Fredagen gjekk turen vidare til Neustadt, ein by på størrelse med Skien eller deromkring. Byen har eit idyllisk gamalt sentrum med eit marknadstorg ein vart misunneleg av å sjå. Det var lokalprodusert mat i lange baner. Felles for heile turen var at vi nesten ikkje såg eit supermarked. Allereie fredag kort etter ankomst, kom Jens Hoffmann og henta oss med til St. Martin der vi skulle tilbringe kvelden blant anna med å spele konsert i festivalteltet.

På heile turen nytta vi den praktiske korpsjakka vår som ytterplagg saman med caps'en for dei som likte det. Det var et sjakktrekk, for tyskarane vart umiddelbart nyfikne på kven vi var. Dermed fekk vi snakke med mange trivelege folk på vandringa rundt omkring i byane.

På vegen til St. Martin stoppa vi i Maikammer og fekk grundig innføring i moderne vinproduksjon. Den lille vinprodusenten vi vitja, Altes Slößchen, kunne lagre heile 2,3 millionar liter vin på tankane sine! Sjølv om dei nytta eiketønner til litt av lagringa, gjekk det mest i rustfritt stål. Vi fekk også smake på nokre av vinane dei produserte – både kvit og raud. I St. Martin fekk dei som ynskte, høvet til å handle med seg vin frå denne produsenten.

Vegen vidare til St. Martin gjekk til fots med faklar på småvegar over vinmarkene. Akkurat då var ikkje vêrgudane i godlune - det regna litt meir enn ynskjeleg og bles ganske godt.

Allereie ved ankomst i St. Martin vart vi møtt med korpsmusikk av eit "skulekorps". Der kjende vi att mange av dei arrangementa som norske skulekorps nyttar. Etterpå var det vår tur og det må seiast: Vi har stor forventing til at vårt lokale publikum tek etter skikkane i St. Martin! Det var plystring, hoiing og dansing på borda under konserten. Difor tok det ikkje så lang tid å plukke konsertnervane av oss heller. Rett nok spelte vi reportoaret vårt betre en nokon sinne, men sjølvtilliten steig jo proporsjonalt med publikumsmottakinga også.

Etterpå fekk vi ta del i festivalmoroa i teltet. Det var slik vi har høyrt gjetord om – musikk, allsong, mat og drikke og eit utruleg humør. Og det er iallefall sikkert at det er ikkje noko vanskeleg å komme i kontakt med tyskarar anten du kan tysk eller må ty til tysknorskengelsk.


Siste dag før heimreise

Laudagen fekk vi rusle i Neustadt på føremiddagen før vi dro attende til St. Martin om ettermiddagen. Då fekk vi ein liten byvandring i St. Martin med Jens som guide, før vi skulle på scena att med ny konsert. Mottakinga var om mogleg endå meir overstrøymande enn kvelden før. Dirigent Anders var oppi skyane både over prestasjonen vår og publikumsmottakinga.

Etterpå fekk vi høyre korpset til Jens, KAB Blaskapelle der KAB står for Katolische Arbeiter Betrieb – altså korpset til ei katolsk arbeiderforening. At dei kunne kunsten å lage stemning fekk vi fort sjå. Dei både song, jodla og gjorde apestreker. Vi tykte no etterkvart synd i dei, for dei spelte i samfulle 5 timar på laurdagskvelden med bare korte pausar. For å si det sånn – notemappa var tjukk som ein advokatperm.

Når ein vert beden på besøk er det skikk og bruk å ha med seg gåve til verten. Då Jens var her i Årdal, snappa vi opp at både han og familien var veldig glad i norsk røykelaks. Difor hadde vi teke med oss nokre sider med røykelaks frå Lærdalsmat som gåver både til Jens og korpset. Og sjølv om boka ikkje var komen i sal, hadde vi fått med oss to eksemplar av den nye boka "Årdal – hva?" som gåve. Den eine fekk KAB Blaskapelle, den andre fekk omvisaren vår hjå BASF.

Vi nytta også høvet til å spre 1000 turistbrosjyrar om midtre/indre Sognefjord som reisemål. At det var interessant lesnad for tyskarar fekk vi sjå når dei vart lagt ut i festivalteltet. Dei heiv seg over dei som gribbar og mange av oss måtte fortelje meir om heimplassen vår. Kanskje kjem det hopen med tyskarar fra Neustadt-området til Indre Sogn til sommaren?


Hjemreiseleik

Då heimreisa starta kl. 6 søndags morgon, var det mange trøytte fjes i bussen. Dei fleste nytta høvet til å få eit par timars søvn på turen til flyplassen. Heimreisa gjekk like knirkefritt som turen til Tyskland og litt før kl. 13 satt vi på bussen frå Bergen til Årdal.

Tidtrøyte på bussturane var heimelaga quizzar med særdeles nyttige premiar. På heimveg tok vi ein annan variant. Hilde og Rebecca skreiv ei kort reiseskildring der alle adjektiv var fjerna. Så samla dei inn adjektivforslag frå alle i bussen og putta dei inn i teksten som då vart slik:

Torsdags morgon reiste ein stor gjeng til rare Tyskland. Med på denne turen var blaute Susanne, den svoltne Arne, den fikse Terje, den jålete Mona, den fiskete Harald, den korka Rebecca, den freakye Svein, den dristige Olav, den tullete Line, den skrikande Marit, den gode Ingunn, den kolemonkete Odd, den prompete Hilde, den fråverande Knut Olav, den ekornaktige Berit Margrete, den gammaldagse May Terese, den firkanta Trond Bjarne, den hoppande Torild, den kloakkfargade Wenche, den forvirrande Kristin, den jalla sjefen Oddgeir og den hårete dirigenten Anders og dessutan Per og Ivar. Foreldra, den ekle Reidun og den store Jan Ove var med som reiseleiarar. Da me kom på det rosa hotellet, reiste alle dei voksne på jakt etter ein bar. Dagane suste forbi, dei fantastiske voksne på bar og dei bråkete ungane springande rundt på hotellet. Søndag klokka 6 var det tid for avreise. Nokon var grøne, mens andre var kjempekule. På flyplassen la glade Svein og nakne Ivar seg for å sove fordi dei hadde festa HEILE natta. No er me på veg heim. Nokon søv, mens andre snakkar. Takk for ein fin tur !!

Klokka fem søndag ettermiddag var vi vel heime og alle var einige om at vi hadde hatt ein super tur.

Etterkvart kjem det fleire bilete frå turen i biletarkivet vårt.

    Utskriftsvennlig versjon