Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 110

 

 


Klump i halsen og tårer i augnekroken
Marie Johansen spelar klarinett, men hadde og ei rolle på scena.
 
Ensemblebilete må takast som seg hør og bør.
 
Marie Johansen spelar klarinett, men hadde og ei rolle på scena.
 
Marie Johansen spelar klarinett, men hadde og ei rolle på scena.

(2011-03-11) "…og som på alle store forestillingar, får me eit ekstranummer til slutt, ikkje sant Sigyn?"
Rektor på Tangen skule greidde å halde maska, medan mange av oss aktørane hadde problem både med å styre klumpen i halsen og halde på tårene. "Jonas i Jungelen" er avslutta for denne gang.

Vi var litt spente på korleis reaksjonen i korpset vart når vi presenterte dette prosjektet i haust. For å vere heilt ærleg, merka vi ei blanding av skepsis og forventning. Etter kvart som øvingane vart meir konsentrerte og tida for påmelding nærma seg vart vi gledeleg, svært gledeleg overraska. Nær innpå 90 % av medlemmane stilte på generalprøve og 2 konsertar. Folk tok fri frå arbeid, skule, praksisplassar og meir huslege plikter. Frå klokka elleve på føremiddagen til åtte om kvelden framføringsdagen var korpsmedlemmar på plass i ei heksegryte der alt var under full kontroll. Kun nokre små detaljar måtte på plass før publikum inntok ein idrettshall som for høvet var ombygd til teatersal med foaje, kaffi- og kakeservering.

Parkeringsvakter, sjauarar, tryggleikspersonell, reklamefolk, lydfolk, unge og meir tilalderskomne aktørar, regiassistentar, regisør, produsent - og etterkvart eit svært forventingsfullt publikum; dei var alle der. Til og med pressa. Besten var der - og besta, mamma, pappa, søsken og andre sambygdingar.

Korpset gjorde slett ikkje skam på seg. Alle musikalske bidrag sat som dei skulle. Kommunikasjonen mellon dei forskjellige ledda i førestillinga likeså. Av alle dei hyggelege opplevingane vi har hatt i dette korpset opp gjennom åra, skal ein leite lenge for å finne noko som toppar dette.

Prosessen i denne opplevinga kan ein samalikne med eit puslespel der det har mangla eindel bitar i mange år. Plutseleg dukka dei opp og datt på plass - puslespelet var komplett. No skal puslespelet leggast på nytt. Vi skal passe veldig godt på alle bitane so vi ikkje tapar nokon på vegen. Noko liknande skal me jammen gjere ein gong til. Lat oss suge på karamella nokre dagar – og så sjå framover att.

Og så får vi vise til pressa for bilete og publikumsreaksjonar frå førestillinga. Som korps må vi vente på videoopptaket for å få ein smak på korleis det var å vere publikum. Har du bilete som du vil dele med korpset, kan du sende dei til whkulset@online.no. Blinkskudda vert lagt ut i biletarkivet vårt.

Ei stor takk til alle som var med - frå alle oss i Årdalstangen Musikklag!

    Utskriftsvennlig versjon