Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 133

 

 


Stappfull kinosal på årskonsert
Oddgeir vart overraska med tildeling av NMF sin Fortenestemedalje - ei særs velfortent utmerking.
 
Generalprøve - her med aspirantar i samspel med korpset på "Spania".
 
Oddgeir vart overraska med tildeling av NMF sin Fortenestemedalje - ei særs velfortent utmerking.
 
Oddgeir vart overraska med tildeling av NMF sin Fortenestemedalje - ei særs velfortent utmerking.
 
Lærdal Musikklag under leiing av sin dirigent Dora David.
 
Lærdal Musikklag under leiing av sin dirigent Dora David.
 
Flåm Musikklag under leiing av sin dirigent Oddgeir Øren.
 
Flåm Musikklag under leiing av sin dirigent Oddgeir Øren.

(2010-02-13) Så var årskonserten i for 2012 eit tilbakelagt kapittel – og eit vellukka sådan. Vi kunne glede oss over ein stappfull sal då vi opna kinosalen i Samfunnshuset som konsertsal. Det vil nok seie at det var godt 150 publikummarar i tillegg til våre konsertgjestar frå Flåm og Lærdal.

Det var med stor spenning i møttest til generalprøven laurdag føremiddag. Utanom spelinga på kinoopninga i januar, var det fyrste gong vi spelte i salen. Og då var det ikkje berre dei musikalske utfordingane som var nye. Også den praktiske gjenomføringa av konsertkvelden var ei utfordring. Heldigvis hadde dirigenaltmuligmann Oddgeir Øren og eks-leiar Arne Harry vore i tett kontakt med husansvarleg og fått på plass mange praktiske førebuingar. Vi rettar også ei stor takk til Arne Hovland som husansvarleg, for god hjelp både før og under konserten.


Tangingen satt som ei kule

Sjølvsagt måtte konserten opnast med vår eigen marsj "Tangingen" – er det ikkje signaturmarsj det heiter, mon tru. Den vart komponert og framført fyrste gong i 1976 då korpset hadde gått til innkjøp av splitter nye instrument og uniformar, men låg i skuffa i mange år etter det. Etter at vi tok han fram att til 60-årsjubileet i 2007 har den fulgt oss på dei fleste konsertar.

Steinar Lægreid fanga publikum med sine forteljingar frå det aller fyrste Folkets Hus på Årdalstangen og til det ombygde Samfunnshuset vi har i dag. Vi fekk ei lett blanding av fakta, historiar og bilete fordelt på to innslag. Det humra godt i salen rett som det var – til dømes då Steinar skildra korleis det var å komme seg over det endelause golvet i det gamle Folkets Hus for å by opp til dans.

Vårt dristigste nummer var nok "Instant Concert" – eit stykke som er sett saman av eit trettitals snuttar av kjende melodiar. Overgangane mellom melodiskifta har vi streva med ei stund, men dei satt brukbart godt på framføringa. Stor stas var det også å ha med seg aspirantar på konserten. Etter å ha spelte eit par-tre eigne nummer, avslutta dei til pause med ”Spania” i samspel med korpset.


NMF sin fortenestemedalje til Oddgeir Øren

Før publikum fekk gå til pause med forfriskingar og loddsal, kom det ei lita overrasking for både musikarar og publikum. Rune Wold frå Norges Musikkorps Forbund kom til konserten i eit heilt spesielt ærend – utdeling av Norges Musikkorps Forbund sin Fortjenestemedalje. Dette heidersteiknet vert tildelt personar som har utført eit særskilt fortjenstfullt og godt arbeid for korpsrørsla.

Etter kvart som han las opp frå merittlista til vedkommande, skjønte nok alle at det dreide seg om dirigenten vår Oddgeir Øren. Publikum og musikarar ga ståande applaus då Rune Wold festa medaljen og overrakte diplom frå NMF og leiar Wenche Hals Kulset overrakte blomsterhelsing frå korpset.

Alle kjenner til det utrulege arbeidet Oddgeir har lagt og framleis legg ned for korpslivet i bygda. Ikkje alle kjenner til at han også har hatt mange tillitsverv og oppgåver innanfor NMF på krins- og regionnivå.


Godt konsertfylgje frå både Lærdal og Flåm

Vi vil helst ikkje at konsertane våre skal vare så mykje meir enn halvannan time, men i år gjorde vi eit unnatak. Dei siste to åra har vi hatt årskonserten på Klingeberg Hotell, noko har fungert veldig bra. Likevel har det ikkje vore så lett å invitere med heile korps som gjestar. På årets konsert kunne vi endeleg ta att for det forsømde – vi hadde invitert med oss både Lærdal Musikklag og Flåm Musikklag. Begge er korps vi har hatt jamn kontakt med gjennom ei lang rekkje år.

Fyrst ut etter pause var Lærdal Musikklag med sin dirigent Dora David. Dei hadde med seg musikk av Ennio Salvere og Bruce Fraser. Flåm Musikklag fulgte etterpå med sin dirigent som også er Oddgeir Øren. Dei hadde med seg både songsolist Harald Sjursen på ein oversett versjon av "Blott ein dag" og trekkspelsolist Gunnar Roti på "Beer Barrel Polka".


Nærare 70 musikarar avslutta konserten

Det er ein god tradisjon å avslutte slike konsertar med eit fellesnummer. Om det er flott for publikum, er det minst like stor stas for oss som musikarar. Konserten vart avslutta med marsjen "Sjødronningen" med Oddgeir som dirigent.

Alt i alt fekk publikum servert eit veldig variert musikkutval og alle tre korpsa lykkast godt med sine framføringar. Trass i at konserten var lang etter vår målestokk, har vi berre fått gode attendemeldingar frå publikum. Dei storkoste seg både med musikken frå korps og aspirantar og forteljingane til Steinar Lægreid.

Det varmar godt når vi får meldingar som dette etter konserten:

"For ein flott konsert, for ein opplevelse eg hadde på årskonserten i den nye kinosalen i går kveld! Konserten av Årdalstangen Musikklag og gjestekorps var spekka med superlativer som eg kjem til å leva lenge på. Kjempeflott med så mange aspirantar som er blitt med. Tusen takk for ein flott kveld!"

"Korpskonsert i Årdal var mykje bedre enn MGP..."

Og erfaringa med den nye salen? Det er utan tvil ein kinosal med kinolyd og såleis ikkje godt eigna til akustisk musikk. For oss amatørar er det iallefall svært krevjande å formidle musikk i ein slik sal. Vi kan sjølvsagt gjere dette til eit stort problem, men det er det lite monn i. Det viktigaste er at publikum finn seg til rette og tykkjer det er ein brukbar konsertarena for oss.


Årsfest med medaljeutdelinger

Etter konserten fortsatte vi kvelden med årsfest på Klingenberg Hotell saman med våre gjester frå Flåm og Lærdal. Der venta god mat til sultne musikarar og deretter allsong og dans med Bent Vadseth. Før vi kom til dansen vanka det medaljar til ganske mange. Korpset har teke opp at tradisjonen med åremålsmedaljar og vi hadde mykje å ta att – heile tjue i talet frå 5 års og heilt opp til 40 års fartstid i korps.


Bilete frå førebuingar, konsert og fest finn du i biletarkivet vårt.

   

Lydopptak
For dei som har lyst på gjenhøyr - her er to lydopptak frå generalprøven om føremiddagen.

Spill
"Sjødronningen"

Last ned
Spill
"Tangingen"

Last ned

Utskriftsvennlig versjon