Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 156

 

 



Korpsbilete med ny vri

(2012-07-16) Her får du sjå korpset fotografert på ein annleis måte enn vanleg. Meistaren for desse spenstige bileta er Melinda Gaal. Ho er frå Australia, men har budd i Noreg dei siste 10 åra. For eit par år sidan flytta ho hit med familien.

Før nyttår beslutta vi å få teke nye korpsbilete mellom anna for årets adventskalendar. Akkuat det biletet avslørar vi ikkje i denne omgongen, men dei andre gruppebileta er no klare.

At det var Melinda som vart vald som fotograf, var på ein måte litt tilfeldig. Vi laga ei kort og upriortert liste over fotografar vi skulle kontakte. Øvst på lista sto Melinda fordi nokon av oss i styret hadde sett nokre av bileta ho hadde laga - og så heldt ho jo til her i bygda.

Fyrste kontakt vart ein fulltreffar for Melinda hadde eit hemmeleg ynskje om å få eksperimentere med nokre idéar på eit orkester. Etter fotosesjonar på to øvingar og nokre ekstrafotograferingar i eige studio no i vår, var grunnlaget klart. Eit lite gjennomgangstema for nokre av blieta er ikkje uventa melodi- og tekstlinjer frå "Tangingen", vår eigen marsj.

No er resultata klare - ei gruppe fantastiske korpsbilete som vil dukke opp her på heimesida og på anna trykt materiale frå korpset. Bileta kan du sjå i bildeserien nederst.

Vil du ta ein kikk på andre bilete av Melinda, kan du vitje heimesida hennar her.

   

Slik har du aldri sett oss før!  









Utskriftsvennlig versjon