Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 567

 

 


Jubilantar i festskrud med nye uniformar.

Happy birthday to Farnes!
 
Mykje folk hadde funne vegen til bursdagsfeiringa.

(20121104) Då var dagens bursdagsfeiring over. Ein ung og opplagd jubilant vart feira i kulturhuset i dag. På dagen i dag for 60 år sida vart Farnes Skulemusikk skipa. For å feire seg sjølv, inviterte dei til jubileumskonsert med gjester. Vi var ein av dei heldige inviterte.

Jubilanten opna konserten med Trommemarsj dekt bak sceneteppet. Det var det ein god grunn for. Då det vart trekt frå, satt det 30 stolte musikantar på scena med splitter nye uniformar. Dei helsa gjestar og publikum med "Her kommer vi". Stødige musikantar ynskte velkomment til fest og presenterte stykka dei spelte.

Deretter gjekk det slag i slag med musikalske sprell frå både vert og innbudne gjestar. Bjarne Øren losa aktørar trygt gjennom programmet til ein ganske fullsett sal. Etter jubilanten si fyrste avdeling, var det Øvre Årdal Janitsjar sin tur. Midveges fekk vi pause med gode kaker med saft eller kaffi attåt og rikeleg høve til å støtte korpset med loddkjøp.

Sidan dette fyrst og framst var ein fest til ære for unge musikantar, hadde vi med oss aspirantkorpset vårt med litt oppbacking av vaksne musikantar.

Vi takkar for at vi vart invitert med på festen og ynskjer Farnes Skulemusikk lykke til i framtida. Måtte dei få minst 60 nye år med mykje musikalsk moro og framgang - og det i den rekkjefylgja.

   

Glimt frå bursdagsfeiringa  







Utskriftsvennlig versjon