Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 718 304

 

 


Nils-Gunnar Solli (NMF), Elling Bekkevoll og Bjørn Eriksen (leiar i FML)

Grensesprengjande korpstreff
Vertskapet Flåm Musikklag.
 
Lærdal Musikklag og Årdalstangen Musikklag.
 
Vertskapet Flåm Musikklag.
 
Vertskapet Flåm Musikklag.
 
Langvegsfarande frå Øystese Musikklag
 
Langvegsfarande frå Øystese Musikklag
 
Øystre Slidre Musikkorps.
 
Øystre Slidre Musikkorps.

(2012-11-13) Sist laurdag var 5 korps frå 5 kommunar og 3 fylke samla til treff i Flåm etter invitasjon frå Flåm Musikklag. Som alltid når korpsmusikantar møtest, vart det mykje musikk, fest og godt humør. Det er heller ikkje kvardagskost å få vere med å feire ein musikant som kan sjå attende på 2,5 mannsaldrar som aktiv musikant.

Vi var eit 100-tals korpsmusikantar som samla oss til konsert og treff laurdag 10. november - og vi kom nær sagt frå alle himmelretningar. Frå Oppland i aust kom Øystre Slidre Musikkorps og frå Hordaland i sydvest kom Øystese Musikklag. For Lærdal Musikklag og vårt vedkommande gjekk turen frå nordaust – rett nok ikkje så langt. Så då var alle himmelretningar komne med hvis vi ser litt stort på det.


Variert konsert som start på kvelden

Vertskapet opna konserten under leiing av dirigent Oddgeir. Av dei fire stykka dei framførte, var det to kjende solistnumer – nemleg “Mein Bass” med tubasolo av Jan Flåm og “Misty” med flygelhornsolo av Venke Sjursen. Øystre Slidre Musikkorps overtok med sin dirigent Einar Moe. Dei hadde også kjend musikk på repertoaret som “Mitt hjerte alltid vanker” i Brakstad sitt arrangement og for ikkje å gløyme “De Garde” som vi spelar nokre gonger i løpet av maidagane kvart år.

Lærdal Musikklag overtok stafettpinnen forsterka med eit knippe av våre medlemmar og med Dora David som dirigent. Årsaka til samspelet hadde ei grei forklaring: Vi var ikkje i stand til å stille med spelbar besetning denne kvelden og Lærdal Musikklag tok gjerne i mot forsterkingar. Sidan delar av repertoaret dei skulle spele også var kjent for oss, var saken grei. Vi tok litt ekstraøving på stoffet på siste tirsdagsøving og så dro vi til Lærdal på fellesøving på fredagskvelden. Og vips så var fem nummer innøvde til konserten – Can Can, Thriller, Pink Panther Theme, Bohemian Rapsody og Ave Maria.

Øystese Musikklag avslutta den annonserte konsertdelen under leiing av sin dirigent Kåre Stokke. Dei mest kjende stykka i deira program var Griegs “Ved Rondane” og Halvdan Sivertsen sin “Sommerfuggel i vinterland”. Alt i alt vart det ein konsert med bidrag av særs ulik karakter både repertoarmessig og i presentasjon. Det kom hymner og salmar, marsjar, poplåtar, jazz og klassiske stykke som perler på ei snor.


Heider og ære

Etter dei fire konsertinnslaga gjekk Flåm Musikklag på scena att. Etter å ha spelt sin eigen “Jubileumsmarsj” tok leiar Bjørn Eriksen ordet og tildelte ein overraska Sjur Heimdal æresmedlemsskap i korpset. Han går i sitt 83. år og har spelt i korpset sidan 1942. Det er litt av ei bragd må vi seie, men det stoppa ikkje med det.

Den store overraskinga var det regionleiar i NMF Nordvest, Nils-Gunnar Solli, som hadde ære av å avsløre. I korpset sine rekkjer sitt det ein kar på kornett som har passert 90 år. Han kan sjå attende på heile 77 aktive år i korpset. Det er faktisk tett oppunder ein Noregs-rekord. Han har allereide både æresmedlemskap i korpset og NMF sin fortenestemedalje. Heldigvis har NMF eit ekstra heidersteikn til slike høve og Nils-Gunnar kom eins ærend frå Molde for å overrekke NMF sitt heidersdiplom og bordfane til ein særs overraska Elling Bekkevoll.


Fyrst mat, så fest og moro

Etter ein lang dag med mykje speling, treng ein musikar mat i kroppen. Når nærare 100 musikarar skal ha mat, er det godt med god hjelp på kjøkenet. Flåm Musikklag får særs god service av Musikkens Venner - dei kokar og brasar til slike tilstelningar. Ein suksessfylt gjengangar på menyen er Olinas sosekjøt med alt som skal til av tilbehøyr – og med fruktgraut til dessert. Det er mat å bli mett av.

Etter å ha metta magen ved festdekka bord, var det klart for dans og moro i festsalen oppe. Odd Tore Moen og Robert Hansen sytte for for variert dansemusikk til godt utpå natta. Kvart av korpsa bidro også med underhaldningsbidrag. Her var songar, sketsj og impulsivt skodespel. Vi voner bileta frå kvelden vitnar om at dette var eit særs vellukka arrangement.

Vi takkar Flåm Musikklag for invitasjonen og Lærdal Musikklag for at dei lot oss få spele med dei. Slike treff skulle vi nok hatt litt oftare.

Fleire bilete finn du om ein dag eller to i biletarkivet vårt.

   

Nokre glimt av kunstnerisk utfoldelse  
Kven har sagt at korpsmusikantar berre treng å spele korpsmusikk?


Representantar frå Øystre Slidre Musikkorps syng ein slags kanon.

Impulsivt teater.

Lærdal Musikklag i Spania-rus.

Utskriftsvennlig versjon