Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 769

 

 


© Haakon Esplo

Magi i kinosalen laurdag
Tea Berg ladar opp til konserten.
 
Unge solistar tek ein siste finpuss.
 
Tea Berg ladar opp til konserten.
 
Tea Berg ladar opp til konserten.
 
Notestudiar i slagverkgruppa.
 
Notestudiar i slagverkgruppa.
 
Maylen og Marie sett saman den nye bassklarinetten.
 
Maylen og Marie sett saman den nye bassklarinetten.

(2013-02-11) Sist laurdag gjennomførte vi vår faste årskonsert. Den føyer seg inn i rekka som den sjuande på rad arrangert rundt skipingsdatoen til korpset. Kvart år forsøker vi å lage ein vri på konsertopplegget og i år drista vi oss frampå med ei ny side som arrangør.

Vi opna konserten med same nummer som i fjor – «Instant Concert». Det er eit potpourri av kjende melodisnuttar som går i eit for oss, rasande kjapt tempo. Fingerferdigheten vår vert sett på ein hard prøve på dette stykket, men moro er det.


Utanbygds konfransier

Som hovudattraksjon, konfransier og underhaldar hadde korpset i år henta inn Haakon Esplo. Han er musikar med fløyte som hovudinstrument som han kombinerar med tryllekunstar og buktaling. Det gjer han til ein ganske unik artist.

Haakon losa den omkring 2/3-fulle kinosalen frå det eine musikkstykket til det andre med trylling, buktaling og masse ablegøyer. Kva som var mest morosamt er ikkje godt å seie, men det nebbete fjørkreet Anton Berg kalla iallefall fram latteren hjå både publikum og musikantar. Ein av dei yngste i publikum fekk seg vel også eit godt minne. Han vart kalla fram for å trylle og trudde nok ikkje sine eigne auge då han opna handa og den raude klovnenasen som han lukka handa om, var borte.

Vi hadde også med oss Haakon som solist på «blikkfløyte» på tre musikkstykker. Det fyrste var velkjende «Den fyrste song». I tillegg spelte vi to av Haakon sine eigne stykker, «Hulderdans» og «Happy Flute».


Kveldens hovudpersonar

Sist haust så eit aspirantkorps dagens lys på Tangen skule. Det tel no fjortan musikantar og dei hadde ei sentral rolle og var konserten sine VIP-personar med reserverte plassar på fyrste rad. Dei deltok på konserten både saman med korpset og som eige ensemble. Herlege ungar som strålar av formidling og speleglede.

Fyrst ut var dei tre klarinettaspirantane Selina Myrmel Gram, Sofie Hansen og Thea Nesse Molvik. Dei stilte som solistar saman med korpset på «Tir N’a Noir». Saman med korpset spelte alle aspirantane «My heart will go on» og «Møkkamann». Den siste er faktisk i eit arrangement av Haakon som vi har hatt i repertoaret ei god stund og skapar alltid god stemning.

Deretter var det aspirantkorpset sin tur med tre eigne musikkstykker under leiing av Sigyn Øren. Dei fekk også litt bistand av instruktørane sine, Helge Magne Haglund på klarinett og Øyvind Lægreid på slagverk. Korpset tykkjer det er utruleg kjekt å sjå framgangen til desse på det halvåret dei har øvd saman som korps. Vi voner dei får følge av mange nye aspirantar til hausten.


Ungt songtalent

No trur du kanskje at høgdepunkta i konserten er omtala? Slett ikkje. Korpset har lenge hatt «Gabriellas Sång» frå filmen «Så som i himmelen» på spelelista. Dirigent Oddgeir har lenge ynskt seg ein songsolist på denne. I førebuingane til konserten tok han kontakt med kulturskulen for å høyre om dei hadde nokon som kunne vere solist saman med korpset på denne. Og for eit funn – 12-årige Tea Berg gjorde ein fantastisk prestasjon som vokalist saman med korpset. Ei av lydprøvane før konserten måtte avbrytas då dirigenten vart heilt sett ut av det han høyrde.

Å snakke om talent i dette tilfelle er ikkje å ta for sterkt i. For dei litt tilårskomne kan ho kanskje minne om «Sporven» Edith Piaff med si spinkle skapning og store stemme. Publikum vart nok ikkje lei seg då konserten vart avslutta med «Gabriellas Sång» som ekstranummer.

Korpset kunne nok ynskt seg større publikumsframmøte på konserten. Vi er likevel nøgd med frammøtet sett i lys av at det var handballkampar både i Øvre og på Tangen i forkant av konserten, jubileumsfest for Årdal Turlag og solfest i Vikadalen. Tolkar ein uttaler frå aktørarar og publikum er dette truleg den beste konserten Årdalstangen Musikklag har gjennomført – nokon gong.


Årsfest etterpå

Etter årskonsertane pleier vi alltid å samlast til mat og hygge. I år nytta vi den nye kantina i Samfunnshuset og metta svoltne musikkmagar etter ein lang dag.

Etter at vi formalisert reglane for heidersteikn for 2 år sidan, er årsfesten som er staden for utdeling av desse. I år var det nokre som fekk heidersteikn for veldig mange korpsår og nokre for adskillig færre.

Størst applaus fekk aspirantane då dei i tur og orden fekk sin 1-årsmedalje:
Signe Marie Berg, Wiktoria Borowiec, Merethe Bruhaug, Maiken Østerbø Dyrdal, Elise Nesse Eriksen, Selina Myrmel Gram, Sofie Hansen, Aurora Hatlelid Holsæter, Ronja Walaker Hovland, Ingeborg Dale Kjærvik, Åsfrid Midlang Moen, Thea Nesse Molvik og Amalie Nesse.

I tillegg fekk desse heidersteikn:
- Asle Hermod Aanes (60 år)
- Oddgeir Øren og Per Asbjørn Hansen (50 år)
- Arne Harry Seim, Ivar Seim og Atle Romøren (40 år)
- Svein Petter Øren (20 år)
- Tor Henanger (30 år)
- Øyvind Heggheim (5 år)
- Odd Øren (5 år)

Fleire bilete finn du om ein dag eller to i biletarkivet vårt.

    Utskriftsvennlig versjon