Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 117

 

 


Aspirantkorps med vaksne støttespelarar på 17. mai i år.

Skule og korps går i takt
Solistar på konsert ved sjukeheimen 17. mai.
 
1. mai og debut som gatespelande korpsmusikant.
 
Solistar på konsert ved sjukeheimen 17. mai.
 
Solistar på konsert ved sjukeheimen 17. mai.
 
Aspirantkorpset på årskonserten i februar.
 
Aspirantkorpset på årskonserten i februar.
 
Aspirantar på utespeling sist tysdag.
 
Aspirantar på utespeling sist tysdag.

(2013-05-24) Tangen skule har 230 elevar og for dei som ikkje kjenner lokalforholda så godt, er skulen ein av to barne-/ungdomsskular i kommunen. Dei siste 5 åra har det skjedd mykje spennande med tanke på rekruttering til korpset. Vi tykkjer rektor på skulen, Jan Kåre Stedje, fortener stor ros og ikkje minst merksemd for viljen til å legge til rette for korpsrekruttering. Det same gjeld kulturskulerektor Sigyn Øren som med ukueleg optimisme har hand om instruksjonen av ferske musikantar.

Nedlagt skulekorps og hanglande vaksenkorps

Tangen Skulemusikk vart lagt ned tidleg på 90-talet etter å ha skranta i fleire år. Vaksenkorpset Årdalstangen Ungdomskorps hadde på same tid store utfordringar som kulminerte i 2000 ved at korpset ikkje var speleføre på 17. mai. Situasjonen kunne knapt bli dårlegare for korpsaktivitet på Årdalstangen.

Sakte, men sikkert snudde situasjonen for vaksenkorpset. Nye gamle medlemmar kom attende – fleire 17. mai’ar utan korpsmusikk var det ingen som ville oppleve. Korpset skifta navn til Årdalstangen Musikklag og endra i 2004 status frå amatørkorps til generasjonskorps. Vi hadde eit ynskje om å gje elevar på korpsinstrument i kulturskulen eit spelemiljø som dei fleste av våre vaksne medlemmar har hatt stor glede av frå barnsbein av. Dei siste 10 åra har fleire ungar vore med i korpset – nokre har sjølvsagt slutta etter kort tid, medan andre har halde fram til dei har forlete bygda for vidare skulegang og studiar.


Nye taktar frå skulen

Dei siste åra har det skjedd spennande ting på korpsfronten i bygda. I 2008 overtok Jan Kåre Stedje som rektor på Tangen skule og varsla tidleg at skulen skulle gjere sitt for å legge til rette for rekruttering til korpset. I løpet av dei siste 3-4 åra har skulen i samarbeid med Sigyn Øren som overtok som rektor for Kulturskulen i 2010, bygd opp ei solid korpsgruppe på skulen.

Frå hausten 2010 vart musikk- og korpsundervisning introdusert i SFO og frå hausten 2012 vart det etablert eit aspirantkorps har øving i skuletida. Aspirantkorpset er organisert som ein del av Årdalstangen Musikklag og tel i dag 16 musikantar. Korpset støttar undervisninga ved at pensjonistar og skiftarbeidande korpsmedlemmar deltek med instrumentklargjering, rydding, kopiering, sosial støtte og litt spelebistand. I tillegg har korpset forplikta seg til å stille med instrument og anna naudsynt utstyr for å få fram tonar og musikk.


Enno sterkare satsing frå hausten

Nyleg kunne rektor ved skulen opplyse at frå hausten vil all musikkundervisning bli opplagt slik at den passar inn i korpsbygginga. Timeplanane vert rydda slik at alle musikktimane er samstundes med korpsundersvisninga. Elevar som går over i ungdomskulen og spelar i korpset, vil får musikkarakteren sett av korpsinstruktørane i samarbeid med hovudlærarane. Snakk om å få gode rammevilkår for rekruttering!

For korpset er dette rett og slett ein revolusjon. Vi er førebudde på at vi må auke resursstilgangen både når det gjeld personell, instrument/utstyr og økonomiske midlar, men det skal vi greie! Innbyggrane på Årdalstangen yter ei fantastisk støtte til korpset både gjennom sponsing, støtte via Grasrotandelen til Norsk Tipping, loddkjøp og som publikum på tilstellingar i korpset sin regi. Det skal ikkje stikkast under ein stol at utan slik støtte ville vi ikkje kunne bidrege til rekrutteringa på same måten, for musikkinstrument og –utstyr kostar mykje pengar.

Korpset ser eit nytt lys i tunnelen og er meir optimistisk med tanke på framtida enn på lenge. Om ikkje lenge kan visjonen til korpset om at 5 % av innbyggarane på Tangen og 20 % av elevane ved skulen skal spele i korps, vere nådd og vi må sette oss nye mål. Det er luksus det!

    Utskriftsvennlig versjon