Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 176

 

 



Eit nytt musikkår ventar

(2013-08-17) Sommaren er på hell og på tysdag yskjer vi både gamle og nye musikantar velkommen til eit nytt og innhaldsrikt musikkår med korpset.

Dei fleste av oss har vel ikkje rørt instrumentet særleg i løpet av sommaren, så vi tek ein roleg start på tysdag.

Oddgeir har lada opp til sesongstart med deltaking på Dirigentuka i Stavanger tidlegare i veka. Der har han fått med seg tips om musikk, plukka med ny musikk og snakka med Idar om status på Seglem-prosjektet.

Allereie kommande laurdag, dvs. om ei veke, skal vi ut og lage litt lyd ved Ofredalstunnelen i samband med "Aosen Opp". Vi voner vi kan stille ei fin gruppe som kan blåse deltakarane inn i tunnelen. I slutten av september skal vi vere med på kjekt korpstreff i Lærdal saman med Sandvikens Ungdomskorps som er våre gjestar denne helga. I løpet av september får vi også arrangmenta til Seglem-prosjektet og dermed førebuingane til neste årskonsert. Spennande!

Heile aktivitetsplanen for 2013/14 finn du HER. Den vert sjølvsagt oppdatert etter kvart.

    Utskriftsvennlig versjon