Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 663 892

 

 


Spente musikantar og leiarar før avreise.

Unge blåturister
Ingen korpstur uten speling.
 
Ingen korpstur uten speling.
 
Pers hotell = Tropicana = bading
 
Pers hotell = Tropicana = bading
 
Supert haustvêr og lunsj i det fri.
 
Supert haustvêr og lunsj i det fri.

(2013-09-13) Sist fredag var det en gjeng med unge, spente musikantar som var klare for blåtur med korpset. Dette var den fyrste korpsturen for aspirantkorpset vårt og rykta og spekulasjonane om reisemålet var mange. Dei få som visste målet, gjorde sitt for at forvirringa skulle bli størst mogleg.

Spennande med ukjent reisemål

Turen starta frå Tangen skule rett etter skuleslutt på fredagen. Det var 15 spente aspirantar som samla seg rundt Tangenbussen med Aud Lægreid som sjåfør. Ho var snill å stillte opp og frakta oss trygt fram og tilbake.

Ferden gjekk utover langs fjorden. Med mange krumspring undervegs, nokre rundar i rundkjøyringane og matpause i Lærdalsdalen enda turen på Pers Hotel på Gol. Det vart kredittert med full jubel.

Reiseleiarane melder om ei innhaldsrik helg med korpsmusikk, bading i Tropicana, diskotek, god mat og mykje latter.

Laurdag kom Sigyn Øren og hadde ei god speleøkt med musikantane. Det vert rapportert at dei var svært lydhøre og ivrige. Ein ny song med futt og fart vart øvd inn. Litt trim vart det óg. "Bli med"-dansen var eit kjekt innslag.

Søndag var det Oddgeir som hadde ansvar for det musikalske. Han seier også at det var ein kjempekjekk gjeng å ha med på tur, både musikalsk og sosialt.

På turen heim var det rasting på Ulsåk, med Ann Kristin sine heimebaka bollar.

Ei skikkeleg luksushelg, der me gjekk til duk og dekka bord, med snille ungar som storkosa seg.

Det er TOPP å vera aspriant i Årdalstangen Musikklag.


Styret takkar

Styret ynskjer spesielt å takke Aud Lægreid som stilte opp som sjåfør for korpset - og dessutan eldsjelene Sigyn, Oddgeir og Hilde som alltid er lett å be om å vere med på aktivitetar. Elles går det også ein takk til reiseleiarane som utan å nøle sa ja til å vere med på tur og dermed gjorde turen mogleg.

Alle bileta finn du også her.

    Utskriftsvennlig versjon