Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 142

 

 


Ei strålande øvingshelg
Pausar og fellesmåltid er viktig. Her frå ei kaffepause.
 
Idar i aksjon framfor korpset.
 
Pausar og fellesmåltid er viktig. Her frå ei kaffepause.
 
Pausar og fellesmåltid er viktig. Her frå ei kaffepause.
 
Oppsummering etter 12 timars øving. Både arrangøren og begge dirigentane er godt nøgd med helga.
 
Oppsummering etter 12 timars øving. Både arrangøren og begge dirigentane er godt nøgd med helga.

(2013-10-20) Vi skriv søndag og har lagt bak oss ei veldig inspirerande øvingshelg med ei øvingsmengd tilsvarande minst 5 vekers normal øving.

I ymse samanhengar er det veldig "in" med kickoff-samlingar og denne øvingshelga passar godt til den merkelappen. Kvart år i januar/februar pleier korpset å ha ein årskonsert. Konsertane våre har i det store og heile vore typiske korpskonsertar. Det vert det ikkje på konserten 23. februar i 2014!

Jazz møter korps

Denne gongen hadde vi lyst til å bryne oss på noko heilt anna enn vanleg korpsmusikk. Etter litt tankeverksemd dukka idéen om eit samarbeid med Karl Seglem opp. Vi tok kontakt med Karl og han ville svært gjerne vere med på eit slikt samarbeidsprosjekt.

Då gjensto det "berre" å overbevise korpsmedlemmane. Litt overraska vart vi vel då dei umiddelbart tykte det var ein kjempegod idé. Dette var våren 2012 - sidan har vi jobba med å finne ein god arrangør som både kan ta vare på kvalitetane i musikken til Karl OG arrangere den på ein måte som passar korpset. Det vart Idar Torskangerpoll - frå vårt fylke, busett på Austlandet, dirigent og arrangør.


Arrangøren som instruktør

I helga har vi altså hatt seminar med Idar som instruktør både av musikarar og dirigent. Vi har spilt og terpa på "løgne" jazzrytmar og lært at vi ikkje skal spele det akkurat slik det står på notane. Det verkar litt skummelt for ein vanleg korpsmusikant, men du verden kor gøy det vert å spille.

Og det er nettop gøy dette prosjektet skal være. Gøy i den forstand at korpset skal lære noko nytt, ha følelsen av meistring av ny musikk og bli kjent med seg sjølv på ein ny måte. Eit realt "tupp" i baken er godt for å komme seg vidare framover.

No går vi straks i gang med juleførebuingane i korpset og Seglem-låtane skal få ligge å surre i bakhovudet med litt oppfrisking innimellom. Når vi startar på det nye året, vert det jazz for alt det er verdt i Årdalstangen Musikklag. I februar er det duka for konsert med korpset saman med Karl og bandet hans.

Gjett om vi gledar oss!

    Utskriftsvennlig versjon