Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 663 914

 

 



Stemningsfull kyrkjegardskonsert
Sentrumsspeling tidlegare på dagen.
 
Snart klar for stemningsfull konsert.
 
Sentrumsspeling tidlegare på dagen.
 
Sentrumsspeling tidlegare på dagen.

(2013-11-03) I dag har korpset vore ute på to nokså forskjellige speleoppdrag. Sidan 2005 har vi spelt på kyrkjegarden ved Årdal kyrkje den fyrste laurdagen i november. Det er kvelden før helgemesse og er ein kveld der mange har som tradisjon å tenne lys på gravene til sine kjære.

I år fekk vi i tillegg oppmoding om å spele på handelsstandens superlaurdag på føremiddagen.

Når vi skriv november er det ikkje sjølvsagt at vêret er på vår side for utespeling. I år vakna vi til nærare 10 grader, opphaldsvêr og faktisk nokre solgløtt. Difor var vêret ypperleg for ei speleøkt i sentrum i beste handletid med ein halvtimes konsert for forbipasserande.

I skyminga på ettermiddagen var det tid for kyrkjegardskonsert. Det er blitt ein fast tradisjon for korpset og i år var det niande gongen. Vi spelar ein halvtimes konsert med kjende og kjære salmar medan nokre tenner lys på grava til sine kjære og andre stoppar opp og høyrer på.

Etter avslutta speling har vi også tradisjon for å gå ein runde på kyrkjegarden og tenne lys på gravene til avlidne korpsmedlemmar. Det er ein fin måte å minnest deira innsats i korpset. Nokre ga av seg og si tid i ein mannsalder og vel så det, medan andre gjekk bort alt for tidleg.

    Utskriftsvennlig versjon