Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 663 898

 

 



Nytt korpsår
Karl i kjend positur. Foto © Geir Birkeland.
 
Ein treng ikkje felles språk for å vere med på vareteljing.
 
Karl i kjend positur. Foto © Geir Birkeland.
 
Karl i kjend positur. Foto © Geir Birkeland.
 
Idar i aksjon på helgeseminaret i fjor haust.
 
Idar i aksjon på helgeseminaret i fjor haust.

(2014-01-11) Vi er i full gang med eit nytt korpsår - ein særs spennande start denne gangen. For fyrste gong i korpset si historie skal vi ha ein "prosjektkonsert". Kanskje du allereie har snappa opp nyhenda om at korpset skal ha konsert saman med Karl Seglem i 23. februar? Her kan du lese litt meir om dette samarbeidet.

Avslutninga på 2013

Før vi fortel meir om Seglem-prosjektet, må vi også nytte høvet å takke for god hjelp. Tradisjonen tru hadde korpset dugnad med vareteljing på Prix 29. februar. Det var ein dag der skiftfolka våre var på arbeid og ein del andre var bortreist. Det kunne blitt ein veldig lang arbeidsdag på resten av oss om ikkje vi hadde fått god hjelp av nokre av dei eritreiske asylsøkarane som bur på Tangen.

Vi vil nytte høvet å takke kvar og ein av dei her på heimesida også.


Snart klart for "Blå Botn"

No er det altså berre 6 veker igjen til vi inviterar publikum til ein spennande konsert saman med Karl Seglem i Årdal kulturhus søndag 23. februar. Konserten har fått namnet "Blå Botn" etter ein av komposisjonane til Karl.

Karl tek med seg sitt eige band som er samansett av Håkon Høgemo (hardingfele), Lars Jakob Rudjord (tangent), Kåre Opheim (slagverk), Stefan Bergman (bass) og Ketil Thorbjørnsen (gitar) for å framføre sine eigne komposisjonar i lag med korpset. Konserten vert utforma som ei musikalsk reise gjennom eit spennande og vakkert, musikalsk landskap.

"Eg har vel lenge drøymt om å få ein slik førespurnad og at nokre andre skulle arrangere musikken min - gjerne for korps, fordi eg veit at komposisjonane og melodiane kan appelere til fleire. Så eg gler meg veldig og er spent på kva vi kan få til saman." – seier Karl Seglem om samarbeidsprosjektet.


Spennande musikk

Komposisjonane som korpset deltek i er arrangert spesielt for korpset av Idar Torskangerpoll. Han er jo ein anerkjend korpsdirigent og også den mest nytta arrangøren av korpsmusikk i Europa. Vi trur dei fleste skule- og amatørkorpsa i landet har minst eitt arrangement av han i notearkivet. Komposisjonane er nøye utvald av dirigenten vår, Oddgeir, saman med Karl og Idar. Mange omsyn skulle vegast opp mot kvarandre i utvalsprosessen.

Styret og prosjektgruppa var sjølvsagt spente på reaksjonane då vi fekk dei første smakebitane av stykka i haust. Vi visste jo ikkje heilt kva vi ga oss ut på, då vi gjekk i gang med prosjektet. Og det gjekk som vi håpte - både låtane og arrangementa vart svært godt mottekne i korpset.

I midten av september i fjor var alle arrangementa klare og vi hadde ei fantastisk øvingshelg med Idar som instruktør. Det vart mange timar med øving, men ingen gjekk lei - det var utrolig moro å spele musikk som var heilt annleis enn det vi har prøvd oss på. Vi strevde med uvante rytmar og uttrykk, men vi fekk dreisen på det etter kvart.

No gler vi oss til den siste innspurten og voner vi klarer å trekke fullt hus i kulturhuset 23. februar. Plakatar og informasjon om billettsal kjem om ikkje så lenge.


Bakgrunnen for prosjektet

Kvart år sidan 2007 har vi hatt vår årskonsert omkring månadskiftet januar/februar. Med litt variasjon har det vore ganske tradisjonelle korpskonsertar. Etter konserten i 2011 byrja vi å leie med tanken om å gjere noko heilt annleis ein gang, kanskje allreie i 2012.

Ofte syner det seg at fleire går rundt med nesten same idé eller ynskje utan å vite om det. For oss var det slik at når først idéen om å få til eit samarbeid med Karl Seglem vart uttalt, var det fleire som sa "å so flott, det har eg tenkt på også". Dermed var no valet ganske lett, men spørsmålet var jo om Karl tykte om ein slik idé. Heldigvis sa Karl umiddelbart ja til eit slikt samarbeid.

Prosjektet er fyrst og framst eit tiltak for å tilføre medlemmane nye impulsar gjennom utfordrande samspel med jazz, folkemusikk og improvisasjon. Vi har også et sterkt ynskje om at publikum skal få oppleve at det lokale korpset ikkje berre treng å spele tradisjonell korpsmusikk.

Det er eit stort løft for oss å gjennomføre prosjektet, både organisatorisk og økonomisk. Det er første gang i korpset si historie at ein gjennomfører eit slikt prosjekt og læringskurva er bratt på mange felt. Heldigvis har vi dyktige folk på mange område i rekkjene som gjer at førebuingane har gått som planlagt.

    Utskriftsvennlig versjon