Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 156

 

 


A trip to Hell and back
 
Korps i 6 etasjar.

(2013-01-25) Så har vi omsider teke turen – ikkje til helvete, men den lille plassen med det sagnomsuste namnet i skiljet mellom Sør- og Nord-Trøndelag. Kvart år huser denne lille plassen konferansen Hell-symposiene i regi av NMF Trøndelag. Og samlar hundrevis av deltakarar som er aktive i korpsmiljøet i Noreg; dirigentar, musikarar, drillarar, korpsleiarar, tillitsvalde og ungdomar.

I år samla konferansen over 500 deltakarar og heile Rica Hell Hotell syda av liv frå tidleg morgon til seine kvelden. Konferansen er tredelt – ein del for korpsleiinga og tillitsvalde, ein del for dirigentar og ein ungdomskonferanse. I år hadde NMF sentralt i tillegg ei samling for sine korpsrettleiarar på eit nabohotell.

Dirigent Oddgeir har snakka varmt om denne konferansen ved fleire høve og ivra for at vi skulle delta på denne. Sjølv skulle han på korpsrettleiarsamlinga i år, men styret vedtok i år å sende styreleiar Wenche og skulemusikkdirigent Hilde på konferansen. No har vi hatt ei veke på å fordøye inntrykka og om det var verdt å nytte tid og pengar på dette. Svaret er eit eintydig JA!


Førstereis på dirigentkonferansen

Hilde var på Hell for fyrste gong i fjor – då som deltakar i NMF sitt leiarutviklingsprogram «Unge i teten». Ho oppsummerar konferansen i år slik:

I fjor var samlinga med «Unge i teten» lagt til Hell-symposiene. Der fikk me som engasjerte ungdommar lære endå meir, og samtidig bli betre kjend med korps-Noreg. Det var ei helg med mykje læring, nye bekjendskap og mykje moro. I år var det annleis. Eg ville oppatt til Hell, men kva skulle eg delta på? Ungdomskonferansen, tenkte eg. Dei fleste engasjerte på min alder skulle jo på ungdomskonferansen, så da skulle vel eg og.

Når programmet for Hellsymposiet kom, vart eg endå meir sikker på kva eg skulle. Som skulekorpsdirigent og visedirigent for generasjonskorpset, ville eg bli ein endå betre dirigent. Det var mykje spennande på programmet, men det som fyrst og fremst fekk fokus hjå meg var masterclass med Irene Anda og aspirantkonferanse med Birgitte Grong, og moglegheita for å kombinere dette. Det var dette eg ville. Eg meldte meg på, tok sjansen på at det skulle bli bra.

Me fekk partitur nokre veker før, og eg bestemte meg for at eg skulle vere aktiv. Men kven andre var det som skulle? Var det andre nybegynnarar som meg eller var det meir erfarne? Var det ungdommar på min alder eller var det helst vaksne?
Aspirantkonferansen starta ikkje før klokka seks fredag ettermiddag, så føremiddagen vart brukt i Trondheim.

Fredagskvelden og laurdag føremiddag var det aspirantkonferanse med Birgitte Grong, noko som var veldig spennande! Etter aspirantkonferansen, opning og lunsj, var det tid for masterclass med Irene Anda. Me hadde eit øvingskorps me kunne dirigera for, og fleire dirigentar var framme for å dirigera korpset med andre dirigentar og Irene som tilskodarar, inkludert meg sjølv. Eg var endå ei erfaring rikare og godt nøgd. Kvelden vart tilbragt i godt lag saman med andre, flotte korps- og NMF folk.

Me fortsette med masterclass søndag. Fleire dirigentar var framme for å prøve seg. For ein dirigent på nybegynnarnivå var det veldig inspirerande å få sjå andre erfarne dirigentar dirigera eit så bra korps! Mange av tankane denne dagen gjekk heim til Sogn, og til dei som var råka av storbrannen i Lærdal. Likevel var det ei utruleg spennande, lærerik og inspirerande helg, og best av alt, den vart opplevd saman med mange, flotte folk!


Viktig møteplass også for oss «kvardagskorps»

Wenche deltok på den delen av konferansen som var for tillitsvalde i korps. Her vart viktige tema diskutert og sentralt tema i år var kommunikasjon og rekruttering. Ho fortel at både foredraga og diskusjonane var svært nyttige.

«For meg var diskusjonane rundt rekruttering svært nyttige», seier Wenche. «Ikkje berre rekruttering i seg sjølv, men også korleis ein organiserar seg for å få til gode rekrutteringsrutinar. Det nyttar jo ikkje å lykkast med rekrutteringa eitt år. Vi må lykkast kvart år.»

Wenche seier ho voner korpset vil sende representantar på neste års konferanse også. Uavhengig av det faglege programmet, er det godt å få diskutere utfordringar og løysingar med andre i korps-Norge. «Vi har mykje å lære av kvarandre. Vi har gode erfaringar som vi kan dele med andre og motsett», avsluttar ho.

    Utskriftsvennlig versjon