Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 191

 

 


Bli-bedre-få-det-bedre
To raude lappar med plass til eit stikkord på kvar. Kva skal vi velje, mon tru?
 
Viggo sorterar og heng opp stikkorda frå analysen.
 
To raude lappar med plass til eit stikkord på kvar. Kva skal vi velje, mon tru?
 
To raude lappar med plass til eit stikkord på kvar. Kva skal vi velje, mon tru?
 
Humøret i forsamlinga var det ikkje noko å seie på.
 
Humøret i forsamlinga var det ikkje noko å seie på.

(2014-03-02) To dagar etter storkonserten vår med Karl Seglem, var vi attende til kvardagen. Då gjekk vi i gang med å stake ut kursen inn i framtida med NMF sitt utviklings-program for korps "Bli-bedre-få-det-bedre". Dette har vi førebudd oss på sidan i haust då korpset vedtok å takke ja til tilbodet frå NMF om å gjennomføre programmet saman med korpsrettleiarar frå NMF.

Korpset har fått tildelt Viggo Bjørge som korpsrettleiar og om ikkje lenge kjem det ein til med på laget. Dei to korpsrettleiarane skal følge styret og korpset i ca. to år og lose oss gjennom dei ulike delene av utviklingsprogrammet. Viggo kjenner Årdal godt frå fleire besøk med korpset sitt, Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Spesielt godt hugsar han konsertane på Fjordfestivalen som vart arrangert av Tangen Skulemusikk ein periode på 80-talet.

På tysdag var vi samla til medlemsmøte der Viggo i løpet av knappe to timar losa oss gjennom ei analyse av oss sjølve med omsyn til styrker, svakheiter, truslar og moglegheiter. Det skal danne grunnlaget for fyrste del der vi skal avklare ambisjonane våre og fastsette mål deretter.

Styret søkte tidleg om å få delta på dette då NMF kom med tilbodet. På våren i fjor fekk vi melding om at vi fekk "plass" i programmet. Her held det imidlertid ikkje med at styret vil gjennomføre utviklingsprogrammet – det skal forankrast i heile korpset. NMF har sett opp tydelege forventingar til korps som ber om å få gjennomføre programmet. Vi forpliktar oss til å gjennomføre heile programmet der vi i tur og orden skal analysere oss sjølve for å sette langsiktige mål, forbetre korpsorganisasjonen, finne vår eigenart, utvikle oss vidare musikalsk og etablere gode styringsverktøy som skal nyttast aktivt. Difor vart saka lagt fram for korpsmedlemmane på medlemsmøte i september der deltakinga vart samrøystes vedteke.

No er vi i gang og vi gler oss. Vi er sikre på at det vert ein nyttig og lærerik prossess som vil styrke korpset.

    Utskriftsvennlig versjon