Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 550

 

 


En mangfaldig korpshelg
Det går et festtog...
 
Muntre musikantar snart klare for avmarsj foran 900 turnarar.
 
Det går et festtog...
 
Det går et festtog...
 
Hilde på talarstolen på landsmøtet.
 
Hilde på talarstolen på landsmøtet.
 
Raudkledte tangingar på omvisning i Eidsvollbygninga.
 
Raudkledte tangingar på omvisning i Eidsvollbygninga.

(2014-04-27) Vi har lagt ei aktiv helg bak oss, men på litt uvanlege arenaer. Medan korpset var i aktivitet på turnstemnet til ÅTIL i helga, stakk begge dirigentane våre avgarde til NMF sitt landsmøte på Gardermoen.

Turngruppa i ÅTIL arrangerte barneturnstemne for Sogn og Fjordane Gymnastikk- og Turnkrets i helga. Over 900 turnarar og følgepersonar var med på stemnet. Stemnet starta laurdag med eit gedigent turntog frå sentrum og opp til idrettshallen. Eit slikt tog blir sjølvsagt kjekkare med korpsmusikk i front. Det vart ein god oppvarmingsøkt framfor 1. og 17. mai for oss. Måtte vêret på festdagane også bli like bra som i helga.

I tillegg til å bidra med musikken i toget, var mange i korpset også med som dugnadspersonell på middagsserveringa laurdag og kiosksalet på søndag.

Og medan korpsmedlemmar både spelte og jobba dugnad, var begge dirigentane våre på NMF sitt landsmøte på Gardermoen. Det er regionsstyret som velger kven som skal delta på landsmøtet. Vi tykkjer det er kjempestas at Hilde vert vald ut som representant i tillegg til Oddgeir som sitt i regionstyret.


Hildes rapport frå Landsmøtet

Under Hellkonferansen fekk eg spørsmål om å stå som reserve til landsmøte til NMF, noko eg sjølvsagt ville! Fyrst og fremst var det styret i NMF Nordvest som skulle stilla som delegatar, men mykje på grunn av Unge i teten og mitt engasjement, fekk eg stilla i tillegg til styret.

Helga kom, og eg var ganske så klar. To årdøler, korpset sine to dirigentar, reiste til Oslo torsdag kveld før det heile begynte fredag føremiddag med regionsmøte for Nordvest. Det var så felles lunsj for deltakarane på landsmøte, før det heile sette i gang. Saker som økonomi, handlingsplan og årsmeldingar vart diskutert.

Mange spennande saker, og ikkje minst synest eg saka om handlingsplan var veldig interessant. Det å få eit innblikk i måla til NMF, og kva dei ynskjer å verkeleg satse på såg eg på som veldig viktig. I løpet av helga var fleire dyktige talarar på talarstolen, og her var Årdal og Årdalstangen Musikklag godt representerte. Både eg og Oddgeir var framme eit par gongar og fekk fremja våre og NMF Nordvest sine meiningar.

Me fekk og tid til mykje sosialt. Fredag kveld var me på Eidsvoll og fekk omvising i Eidsvollbygninga, og laurdag var me på konsert med Eidsvoll Janitsjar. Alt i alt var dette ei kjempeflott oppleving, og eg håpar dette ikkje var siste gong på landsmøtet!

    Utskriftsvennlig versjon