Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 773

 

 


Frå bikkjekaldt til hjartevarmt

(2014-05-01) Den første maidagen er snart over og korpset har vore i aktivitet i 12 timar - rett nok med ei god pause midt på dagen. Og så fekk vi ein veldig uvanleg og kjekk avslutning på dagen med solidaritetskonsert i Lærdal i regi av Lærdal Musikklag og med andre korpsvener.

Vi starta som vanleg med speling kl. 8 då flagga gjekk til topps på Rådhuset. Vi har nok hatt ymse vêr før om åra også, men i år var det i alle fall kaldt nok. Titusen tommeltotta, neggelsprett (dog uten Selbuvotta) er ei dekkande skildring av følelsen etter å ha spelt. Godt å gå til dekka frukostbord på Klingenberg etterpå.



Over ser du nokre glimt frå den tradisjonelle feiringa på Tangen - det var mildt sagt glissent med folk i gate og tog i år. Då var det bra at fleire hadde tatt turen på solidaritetskonserten til Lærdal Musikklag.

Saman med både vertskap, Øvre Årdal Janitsjarkorps, Flåm Musikklag og DuoDori laga vi ein særs variert konsert. Inntekta frå konserten gjekk uavkorta til Lærdal Idrettslag si skøytegruppe som mista både klubbhus og mykje utstyr under brannen i vinter. Vi voner konsertinnsatsen gjev bra med penger i kassa.

    Utskriftsvennlig versjon