Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 790

 

 


Kjekk og strevsam dag til endes

(2014-05-18) Vel blåst medmusikantar i heile Noreg! Som for dei fleste andre korps, starta vi dagen tidlegare enn dei fleste og avslutta seinare enn mange.

Siste tonen vart spelt litt før klokka fem på ettermiddagen på sjukeheimen i Seimsdalen.



Før den tid hadde vi spelt i oppmarsj fram til Rådhuset og flaggheis, lotterikonsert for Egil og Ove Kristiansen på Tippen, i skuletoget, på festarrangementet i idrettshallen mellom anna saman med barnekoret. Eit par korte pausar innimellom med ein matbit og kvile, fekk vi smetta inn.

Har du bilete av korpsmedlemmar og korpset i aksjon, tek vi gjerne imot det til arkivet vårt. Send dei til ardalstangen.musikklag@gmail.com.

No skal vi kose oss med litt utespeling resten av sesongen fram til vi tek ferie. Og sjølvsagt skal vi by på vaflar og kaffi under Fjord til fjell-dagane i juni og frukost og nattmat på Målrock i august.

    Utskriftsvennlig versjon