(2014-05-27) Etter 17. mai står grendakonsertane våre for tur. Det er høgst uformelle utekonsertar gjerne lagt til uvanlege stader for konsertar. Eit vegkryss, ein leikeplass - eller som i kveld, ein hyttehage.
Det er ikkje alltid vi ser så mykje publikum på desse standene, men det er alltid mange som har høyrt oss. I kveld hadde vi uvanleg mykje publikum då vi spelte ein times konsert i hyttehagen til Ivar Slagverkar Seim og Astrid. Etterpå vanka det kaffi, saft og kringle på både musikarar og publikum.
Og jammen var det en saksofonist i nabolaget som sprang heim og henta instrumentet også. Det var kjekt å ha deg med, Grytsje Kooistra frå Øvre Årdal Janitsjarkorps!
|