Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 134

 

 



Karl Seglem og korpset med ny konsert i lag. Billettsalet er starta (www.fordehuset.no) Lokalt i Årdal er bilettar å få kjøpt hjå Indre Sogn Spareb

(2014-08-24) Laurdag 27. september vert det ein ny og spennande konsert med Årdalstangen Musikklag og Karl Seglem i Årdal. Etter eit særs vellukka samarbeid om konserten «Blå botn» i februar i år, var det eit ynskje frå begge partar å spele saman ved fleire høve. Når Karl Seglem no legg ut på lanseringsturné med tingingsverket «Som spor» (Vossajazz i 2012), vert delar av «Blå botn»-stoffet sett inn i ei ny ramme på konsertane i Årdal og Balestrand.

Ute med ny plate

I samarbeid og med økonomisk støtte frå FolkJazzScena til Førdefestivalen arrangerar Seglem lanseringsturné med «Som spor» (tingingsverk til Vossa Jazz 2012) i september 2014. Lanseringsdato for den nye plata (LP/CD) er 18. september. Årdalstangen Musikklag er teknisk arrangør for konserten i Årdal kulturhus. Pressemeldinga for turnéen finn du som vedlegg nederst på sida.

På konsertane i Årdal laurdag 27. september og Balestrand 28. september, vert dessutan korpset med på dei korps-arrangerte komposisjonane frå «Blå botn». Korpset har for desse to konsertane også invitert med seg Balestrand Musikklag.


Stjernelag med på turnéen

Med på turnéen har Seglem sitt handplukka ensemble med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo på hardingfeler, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo, tangentar, Sigurd Hole, bass og Kåre Opheim, trommer og perkusjon, som nyleg har avslutta innspelinga av tingingsverket. Både Høgheim, Rudjord og Opheim var med på framføringa av «Blå botn».

Publikum kan soleis glede seg til gjenhøyr med delar av «Blå botn» og samstundes få høyre det rykande, ferskt innspelte tingingsverket.

Då Årdalstangen Musikklag ville ta eit steg ut av den tradisjonelle korpsverda, var det Karl Seglem korpset ynskte som samarbeidspartnar. Han starta si eventyrlege musikkarriere i korpsa på Årdalstangen og er i dag rekna som ein av Noregs framste jazzmusikarar. Terje Mosnes i Dagbladet skriv at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte.

«Eg har vel lenge drøymt om å få ein slik førespurnad og at nokre andre skulle arrangere musikken min - gjerne for korps,» – har Karl Seglem mellom anna sagt om samarbeidsprosjektet. Med arrangør Idar Torskangerpoll på laget, vart eit knippe av Seglem sine komposisjonar arrangert for korps både i samspel med band og som frittståande korpsarrangement.

Resultatet av samarbeidet var konserten «Blå botn» i februar i år. At korpset gjennom dette samarbeidet også bidreg til å spreie Karl Seglem sin musikk til eit større publikum og andre musikkmiljø var eit medvite ynskje. No vert dette ein realitet gjennom at andre korps også skal vere med å spele “Blå botn”-låtane.


Frå «Blå botn» (Foto: Jan Ove Skjerping)

Førehandskjøp av billettar online

Billettar til konsertane kan kjøpast online hjå: www.fordehuset.no:
Årdal kulturhus, Øvre Årdal og Kviknesalen, Balestrand.
Billettprisen er kr. 300,00 (stud. kr. 200,00)

Stad og tid for konsertane:
Årdal kulturhus, Øvre Årdal - laurdag 27. september kl. 17
Kviknesalen, Balestrand - søndag 28.september kl. 17


Vel møtt på konsert!

   


Get Adobe Reader

Read file
 Pressemelding for lanseringsturnéen




Utskriftsvennlig versjon