Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 106

 

 



PULSErande forsmak på 17. mai

(2014-11-17) Til helga får korpset spennande besøk! Vi har nettopp lagt bak oss eit forfriskande samarbeidsprosjekt med Karl Seglem. No står sørafrikansk musikk for tur. Saman med fem sørafrikanske instruktørar skal vi starte førebuingane til neste års 17. mai-feiring.

Korpset har fått tilbod om å vere med i eit unikt pilotprosjekt i regi av NMF (Norges Musikkorps Forbund). Fram mot 17. mai neste år skal skal vi saman med dei fem instruktørane, utforme eit fargerikt show med korpset i midten. Vi veit ikkje korleis det blir, men det vert både gateparade og show med både dansarar og rytmegrupper.

På søndag etter ei lang øvingshelg, er vi klare for å gi alle sambygdingar ein smakebit på det vi skal framføre på 17. mai neste år. Vi voner mange møter opp og få høyre meir om prosjektet. Kanskje får du lyst å bli med?

    Utskriftsvennlig versjon