Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 714 189

 

 


Eitt trinn hit og eitt trinn dit, men ikkje med Ingebrigt Davik.

Avspark for PULSE-prosjektet
Her er det berre å herme etter. Ikkje eit noteark i nærleiken!
 
Stemninga er god.
 
Her er det berre å herme etter. Ikkje eit noteark i nærleiken!
 
Her er det berre å herme etter. Ikkje eit noteark i nærleiken!
 
Ronja og Sindy finn lett tonen.
 
Ronja og Sindy finn lett tonen.
 
Ikkje akkurat marsjering dette.
 
Ikkje akkurat marsjering dette.

(2014-11-24) Fem sørafrikanske musikkinstruktørar har vore på besøk hjå oss i helga. Dei har fått oss til å spele heilt utan notar – eigentlig ein heilt utenkjeleg tanke før vi starta helga.

At vi faktisk kan spele utan notar, demonstrerte vi på ein liten «hentekonsert» på Klingenberg hotell på søndag. Og publikum tykte visst vel om vårt papirlause spel med litt song attåt.


Korleis i all verda?

Du lurer kanskje på kva som er bakgrunnen for at desse instruktørane skal jobbe med korpset fram mot nasjonaldagen? Forklaringa er faktisk ganske enkel.

Dei fem instruktørane er aktive i Field Band Foundation (FBF) i heimlandet sitt og har eit års opphald på Toneheim folkehøgskule på Hamar. FBF og vårt Norges Musikkorps Forbund (NMF) har hatt eit utvekslingsprogram gåande sidan 2001. I 2013 gjekk ein over i ein ny fase i utvekslings-programmet som har fått namnet PULSE der norske og sørafrikanske instruktørar skal vise korleis musikk kan bidra til god helse og auka livskvalitet.

Folk av mange nasjonalitetar finn vegen til Årdal og vi ynskjer å vere eit korps som speglar lokalsamfunnet. Ei god stund har vi fundert på korleis vi kan inkludere grupper som ikkje kjenner til den norske korpstradisjonen. Hausten 2013 tok vi kontakt med Norges Musikkorps Forbund (NMF) for å høyre om dei kunne hjelpe oss med dette. Resultatet vart at korpset fekk tilbod om å vere «pilot» for PULSE! og vi synes det er svært spennande å få vere med på dette.


Fleire besøk ventar

Dette var det fyrste møtet av fleire som skal ende med liv og leven på 17. mai 2015 – og det er fleire enn korpset som skal i aksjon. Akkurat kven og korleis er det ingen som veit enno, men at vi ikkje berre skal spele Gammel Jægermarsj på neste års nasjonaldag er heilt sikkert.

Dei fem instruktørane kjem attende til Årdal to heile veker og ei helg på nyåret for å arbeide med utforminga av innslaga. OG VI GLER OSS!


Vil du vite meir om PULSE!, kan du gå til heimesida til NMF.

    Utskriftsvennlig versjon