Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 157

 

 



Korpset byr på stemningsfull julekonsert
 

(2014-12-05) For første gong arrangerar korpset i år sin eigen julekonsert. Det er ytre omstende som gjer det - vi har for mange musikantar på jobb dagen for den tradisjonelle julekonserten til at vi kan spele konsertnummer. Ikkje desto mindre gler vi oss til vår fyrste julekonsert. Vi har tenkt tanken mange gonger før.

Opp gjennom åra har vi spelt så mange fine julesongar og vi skulle gjerne presentert fleire av dei på konsert, men sjølv ikkje julekonsertar kan vare i "tid og æve".

Difor byr vi altså på MUSIKALSK JULEGODT i Årdal kyrkje mandag 15. desember kl. 19. Vi voner mange finn vegen til kyrkje for ein stemningsfull stund saman med oss.

Men du - ikkje gløym soknerådet sin julekonsert i kyrkja laurdag 13. desember då! Der spelar vi også, men berre til fellessongen i år.

Vi ynskjer alle ei fin førjulstid!

    Utskriftsvennlig versjon