Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 171

 

 



Korpset heilt på nett - no også på Facebook

(2010-03-04) Årdalstangen Musikklag følgjer trenden i tida med eiga gruppe på Facebook.

Til liks med over ein million andre nordmenn og 65 millionar på verdsbasis, har Årdalstangen Musikklag fått si eiga gruppe på Facebook. Det var trommis Katrine som starta gruppa, der alle våre medlemmer som har eigne profilar på Facebook er med, pluss eit par støttespelarar som berre rett og slett tykkjer Årdalstangen Musikklag er ein sabla tøff gjeng.

Her har me lagt ut nokre bilder og ein liten videosnutt, i tillegg til at me kan skriva beskjedar til kvarandre. Kjekt er det å sjå at to av Facebook sine eldste medlemmer i Noreg også er med i gruppa vår, nemleg Atle og Egil Jørgen.

Det er sjølvsagt slett ikkje meininga at Facebook-gruppa skal erstatta eller konkurrera med dei flotte nye offisielle heimesidene våre, Facebook er kun for moro - men det er også ein måte å vera synleg på i det som for tida er verdas største nettsamfunn.

Du finn Årdalstangen Musikklag ved å skriva det inn i søkefeltet på Facebook. Du kan også søka opp medlemmer som Katrine, Wenche, Tone, Oddgeir, Asle, Marit eller Merete og finna link til gruppa på deira profilar.

    Utskriftsvennlig versjon