Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 710 192

 

 


No går vi amok - to øvingar i veka!
 
Øving er kjekt!
 
 

(2015-02-25) Heile ni år har vi hatt øving to gonger i veka frå nyttår til årskonserten i januar/februar. I år fant vi ut at at vi like godt kunne halde fram med det etter årskonserten også.

No øver vi også på
torsdagar frå kl. 18
i Samfunnshuset.

Kvifor i all verda gjer vi dette?

Då vi i si tid starta med dette, var det som eit ekstra øvingstilbod til medlemmer som anten ikkje fekk med seg den vanlege øvinga eller som ynskte å øve litt meir enn ein gong i veka.

Vi er ofte litt færre på desse øvingane og det krev at ein konsentrerar seg ekstra. Ofte har ein ikkje den vanlege sidemannen å støtte seg på. I alle år har difor tilbakemeldinga vore den samme - at desse øvingane både er ekstra lærerike og kjekke. Og at vi godt kunne halde fram med det.

Så tok det ni år, men no vert dette altså ei fast øving i første omgang fram til sommaren. Øvingane er tenkt nytta til
- teknikk for enkeltinstrument etter ønske og behov,
- ensemblespel (altså musikk arrangert for mindre grupper) og
- å øve på det vanlege repertoaret vårt.

Øvinga vil også vere eit ypperleg tilbod dersom du er tidlegare musikant og ynskjer å ta opp igjen ein kjekk hobby. Vi har flusst med plass og velkommen er du også.

   

 


Utskriftsvennlig versjon