Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 696 782

 

 


Ikkje mykje folk å sjå på morgonen 1. mai.

Redusert speling på 1. mai
 

(2015-04-22) I år spelar Årdalstangen Musikklag berre i demonstrasjonstoget på 1. mai. Publikum vil ikkje bli vekt av korpsmusikk før salutt og flaggheis.

Etter restarten av korpset i 2000 tok vi opp att ein gamal tradisjonen med morgontog, og byrja med konsert på sjukeheimen i Seimsdalen. Dette må vi diverre avstå frå i år.

Arbeidsgjevarar har historisk gitt skift-/turnus-arbeidande korpsmusikantar fri med løn på festdagane i mai. I takt med tida, er dette ei ording som har endra seg. Vi forstår godt arbeidsgjevarane som ikkje kan gi full dekking av løn. Likeins forstår vi godt at det ikkje er like greit for dei det gjeld, å tape økonomisk på å stille opp på 1. mai. Korpset har heller ikkje økonomi til å dekke lønstapet all den stund vi korkje tek eller ynskjer å ta honorar for å stille opp på slike speleoppdrag.


Glansdagane er forbi

Dei eldste medlemmene hjå oss hugsar attende til 50-60- og 70-åra der denne dagen var like travel som 17. mai; morgontog, barnetog, demonstrasjonstog og speling på fokefesten om kvelden. I tråd med utviklinga elles i landet, har oppslutnaden på 1. mai-arrangementa gått drastisk ned, og på slutten av 1990-åra spelte vi berre til flaggheis og i demonstrasjonstoget.

Tradisjonen med morgontoget vi tok opp at tidleg på 2000-talet, var vårt forsøk på å lokke fleire ut på morgonen til salutt og flaggheis. Me har opplevd den negative utviklinga i oppslutnad om dagen på kroppen, og dei siste åra har det knapt møtt folk utover dei som heisar flagga framfor rådhuset. Derfor er det ikkje så vanskeleg å avlyse vårt bidrag på morgonen i år. Langt vanskelegare er det når det gjeld hagekonserten på sjukeheimen i Seimsdalen som har vorte ein tradisjon. Den skal vi nok ta att ein dag seinare før vi tek sommarferie.


Vi beklagar situasjonen

Vi tykkjer dette er leit og hadde gjerne sett at vi hadde ein besetning som tålte at ein 4-5 musikantar ikkje kan delta. At folk må på jobb eller har andre forpliktingar, må vi både respektere og avfinne oss med.

    Utskriftsvennlig versjon