Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 718 307

 

 



Pangstart på haustsesongen
 
På plass i teltet, dei siste førebuingane.

(2015-08-20) I helga var det Årdalsfest med eit variert program over to dagar. Tidleg på laurdagskvelden laga korpset med gode musikkvener frå fire andre korps ein livat stund med "teltmusikk". Ein skikkeleg pangstart på korpshausten der sommarambis'en fekk skikkeleg hardkøyr.

I oktober i fjor stilte korpset med eit lite tyrollerensemble på ein privat oktoberfest. Det vart så vellukka at det kom spørsmål om vi kunne stille med noko tilsvarande på Fjord til fjell-dagane på Tangen i juni. Då stilte vi med eit orkester på vel 20 musikarar frå eigne rekkjer og våre nabokorps. Det i sin tur førte til at vi ble spurt om å stille opp på Årdalsfest.

Denne gongen hadde vi med oss musikarar frå alle dei næraste nabokorpsa; Kaupanger Skule og Ungdomskorps, Lærdal Musikklag, Flåm Musikklag og Øvre Årdal Janitsjarkorps. I alt 25

Dei tre gongene vi har stilt opp til no, har det ikkje vore dei same musikarane som har vore med. Repertoaret består av "basislåtar" som er kjend i dei fleste korps og derfor krev det ikkje allverdas øving for å spele oss saman.

I tillegg til at vi sjølv hadde det veldig kjekt i lag, har vi fått mange gode tilbakemeldingar denne gongen også. Du skal ikkje sjå heilt bort frå at vi kan dukke opp ved fleire høve...

    Utskriftsvennlig versjon