Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 200

 

 



Prisdryss til korpset

(2015-10-02) I sommar fekk korpset den gledelege meldinga om at vi har fått tildelt Magnus Midtbø's Korpspris. Prisutdelinga vil skje på eit arrangement i Årdal tysdag 27. oktober.

Magnus Midtbøs Korpspris er ein pris som vert delt ut av Addisco, eit utdanningsselskap eigd av Forbundet for ledelse og teknikk (FLT). FLT organiserar arbeidstakarar i funksjonar der leiing og teknisk kompetanse er sentralt for å fremje verdiskaping.

Magnus Midtbø (1942-2010) var forbundsleiar i FLT og grunnleggjar av Addisco. I tillegg hadde han sterk interesse og lidenskap for musikk og spesielt korpsmusikk. Addisco innstifta prisen som ein heider til hans minne.

Prisen skal stimulere til rekruttering og vidareutvikling av korps, musikantar, dirigentar og leiarar.

Vi er utruleg takknemlege for tildelinga og gler oss til arrangementet den 27. oktober!

    Utskriftsvennlig versjon