Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 189

 

 



Med 2016 i kikkerten

(2015-10-18) I helga har mange nytt fantastiske haustdagar utandørs. Vi heldt oss innandørs, men med like fantastiske opplevingar. Under kynding instruksjon av Idar Torskangerpoll har vi stupt inn i musikken som er plukka ut til årskonserten vår i februar 2016.

Vi har rive oss i håret. Vi har sunge og klappa rytmar. Vi har terpa, terpa og terpa. Heile 12 timar i løpet av helga. Løn for strevet fekk vi på søndag. Såre lepar, slitne hovud - MEN vi skimtar lyset! Med litt heimeøving vil vi vere klare til å by på ein spennande konsert i slutten av februar med Idar bak dirigentpulten. Vi gler oss!

    Utskriftsvennlig versjon