Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 718 317

 

 


Stor dugnad bragt til endes
Mykje vert lettare med ein lånt truck. Det var nok av tunge løft likevel.
 
Ikkje berre berre å få ut kjølediskar og hyller.
 
Mykje vert lettare med ein lånt truck. Det var nok av tunge løft likevel.
 
Mykje vert lettare med ein lånt truck. Det var nok av tunge løft likevel.

(18-11-2015) Etter mange år med vareteljing samme stad, tok korpset i vår på seg oppgåva å rydde vekk alt som sto att i den tidlegare PRIX-butikken på Tangen. Då styret hadde godkjent oppdraget og delegert forhandlingar om pris og gjennomføring til Harald og Arne, tok vi fat på oppgava med stort mot.

To dagar vart avsett til oppgava. Det synte seg fort at både både vi og COOP sin representant hadde undervurdert omfanget av jobben, men vi kunne ikkje vegre oss for det. Ein avtale er ein avtale.

Vel ferdige med oppdraget hadde vi synfaring og oppdragsgjevaren var umåteleg imponert både måten oppgava var løyst på, og tidsbruken. Det enda opp med at vi vart spørde om også å fjerne meir av kjøleutsyret og rydde det som stod att i diverse lagerrom o.a. i kjellaren.

Samstundes oppnådde vi forståing frå oppdragsgjevaren om at den første delen nok var underestimert når det galt pris for jobben.


Berre utbetaling av kroner gjenstår

Våre dyktige dugnadsansvarlege fekk då ein ny avtale og etter at sju av dei største containerane til Sunde Resirk AS var fyllt og fjerna kunne vi sei oss ferdige med jobben.

Harald har notert timebruken. Den syner at det er lagt ned 140 arbeidstimar på oppdraget. Mesteparten av desse er det dei mannlege pensjonistane våre som har bidrege med.

Me er stor takk skuldige til Sunde Resirk AS som har vore svært rundhånda med prisen på containerleiga og Sognefjord Shipping for lån av truck. Eindel varer som stod att fekk korpset nytte seg av og slikt er teke godt vare på.

Partane er einige om at kroner og ører ikkje skal nevnast og bekjentgjerast. Begge bedriftene som har hjelp oss vil bli behørig sette pris på etter kvart.

Styret vil rette ein stor takk til alle som har delteke på dugnaden og skaffa korpskassen særs viktige midlar.

    Utskriftsvennlig versjon