Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 170

 

 



No er den her!

(2015-11-21) No er salet av adventskalendaren vår i gang. For 50 kroner får du 24 lodd og sjansen til å vinne gåvekort på lokale forretningar. Alle korpsmusikantane sel kalendarar, Vi skal også sitte ved butikkar og selje nokre dagar.



Ser du ikkje snurten av oss, men vil kjøpe kalendar? Då kan du også sende bestilling PÅ EPOST eller sende ein SMS til 90150918 (hugs å ta med namnet ditt). Vi leverer på døra eller sender i posten om du bur utanbygds.

Kalendarbiletet i år er ei gåve frå fotografen Jan Ove Skjerping. Biletet er ein fotomontasje med eit bilete av Tangen "by night" i skjalgstykket på Karl Seglem sin saksofon frå ein av konsertane våre.

Kalendaren er ei av dei viktigaste inntektskjeldene våre. Sel vi ut heile opplaget, dekkjer den til dømes dirigent- og instruksjonskostnadane for omkring eitt år. Takk til alle som støttar oss ved å kjøpe kalendaren.

    Utskriftsvennlig versjon