Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 663 904

 

 



Velkommen til årskonsert

(2016-02-13) No driv vi med den siste finpussen på årskonserten vår om to veker, laurdag 27. februar, konserthøgdepunktet i 2016. Sett av knappe to timar til ein spennande konsert med med korpset og gjestedirigent Idar Torskangerpoll, ein av dei mest anerkjende korpsdirigentane i landet. Og vi kan nesten garantere AT DU GÅR PLYSTRANDE HEIM!

Billettpris: Kr. 200 (born u/15 år gratis)
Pause med forfriskingar

Kanskje trur du konserten berre er ein i rekka av tradisjonelle korpskonsertar, men det kan vi love deg at den ikkje er. Gjennom «Bli Bedre, få det betre»-programmet i regi av NMF, har vi analysert vår eigen organisasjon og aktivitet og satt oss heilt klåre mål. Så også for den musikalske delen.

Målet for denne konserten er at vi skal meistre eitt stykke som krev større besetning enn den vi har til dagleg. For å oppnå det har vi bedt med oss medlemmer frå andre korps; Eikanger Bjørsvik Musikklag (noregsmeistrar!) , Farnes Skulemusikk, Fagforeningens Musikklag Høyanger, Flåm Musikklag, Langhus Brass, Lærdal Musikklag og Sogndal Musikklag. Til saman vert vi ca. 30 musikarar, og med ei god besetning klangmessig.

På konserten vil publikum bli presentert for rekruttane til ”nye” Tangen Skulemusikk som skal vere solistar på sin alle første opptreden. Korpset satsar store ressursar på dette og rekrutteringa er i god gang!

Konsertprogrammet er variert, både i stilartar og vanskegrad. Dette er også eit av måla korpset har sett seg; at musikantane stadig skal utvikle seg. Fleire av korpset sine faste medlemmer skal ha solistinnslag. Ben Hirons, vår nyengasjerte leiar for skulemusikksatsinga og musikar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, vil spele eit virtuost musikkstykke saman med korpset. Saman med hovudverket ”Fate Of The Gods”, vil nok dette bli høgdpunkta reint musikalsk. Og noko liknade har du ikkje høyrt korpset spele før.

”Fate Of The Gods” er eit verk som korpset vår faste dirigent Oddgeir, henta heim frå eit dirigentkurs han var på. Det er musikk med høg plysterefaktor, trass sin dramatisk bakgrunn. Ellers presenterer vi kjende og ukjende musikksvisker i to avdelingar.

Da er det berre å komme, so skal me ønskje deg hjarteleg velkommen. Denne gongen lever vi verkelg opp til slagordet vårt: Det vi vil få til får vi til hvis vi vil.

    Utskriftsvennlig versjon