Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 680 215

 

 


Spennande dirigentskifte
 

(2016-05-30) Tidlegare i vår ga Oddgeir Øren melding om at han ynskte avløysing frå hausten. Dermed måtte korpset i gang med den krevjande oppgåva å finne ny dirigent. Dirigentar veks som kjend ikkje på trær i vårt nærområde. No er ny dirigent klar – det vert Ben Hirons som overtek jobben.

Ben og korpset er allereide godt kjende etter at han starta som musikalsk leiar for korpset si satsing på skulemusikken frå nyttår. - Vi var heldige å få hjelp av Akademiet Eikanger-Bjørsvik til dette og er veldig fornøyd med å ha fått en slik ressurs til denne oppgaven. At han nå tar over som hoveddirigent er noe alle medlemmer gleder seg over, seier Wenche som er styreleiar.


Engelskmann med utdanning frå Skottland havna i Bergen

Ben kjem frå Manchester og har mastergrad i trompet frå Royal Conservatoire of Scotland. For eit lite år sidan kom han til Noreg og Bergen for å spele i Eikanger-Bjørsvik Musikklag og skal mellom anna gjere sitt for at EMBL skal kapre EM-tittelen for brassband i 2017.

Om kvifor han valde å ta på seg oppgåva som Oddgeir sin etterfølgjar seier Ben at korpset er eit av dei trivlegaste han har vore i, slik at det ikkje var mykje å lure på når spørsmålet kom. – Den 5 timar lange bussturen mellom Bergen og Årdal kan sjølvsagt verte litt kjedeleg, men så kvilar eg heller augene på den fantastiske utsikta og gler meg til møtet med dei kjekke skulemusikantane når eg omsider er framme, seier han.

Vi får ein dirigent med ein heilt annan musikalsk bakgrunn enn det nokon i korpset har. Om sine ambisjonar for korpset, seier Ben at han verkeleg ynskjer å hjelpe kvar enkelt til å vekse som musikarar. - Eg vil at vi skal arbeide som eit godt team for å få så godt resultat som mogleg når det gjeld klang og musikkframføring. Akkurat det passar særs godt med korpset sitt motto – "Vi skal ikkje bli go’, men alltid gjere det beste vi kan". - Og så håpar eg sjølvsagt at det skal oppmuntre andre til å byrje å spele slik at korpset får den veksten ein treng for framtida.


Store sko å fylle

Ben tykkjer det er litt av nokre sko å fylle å ta over etter Oddgeir. Han seier at han er eit av dei mest ekte menneska han nokon gong har møtt. – Og han legg både hjarta sitt og sjela i korpset. Heldigvis held han fram i korpset slik at eg kan diskutere med han. Han vert nok ein viktig rådgjevar.

Oddgeir som har hatt tettast kontakt med Ben dette halvåret er ovebevist om at Ben har mykje å tilføre korpset, og at timinga for dirigentskiftet er så perfekt som det kan få blitt.
- Eg ser at han har same haldningane og grunntankane om korpsdrift som vi har. Sjølv om han musikalsk ligg mange hestelengder framom oss, har han beina godt planta på same jordflekken som oss. Dessutan sit Ben på eit nettverk av resursterke folk som han og vi, kan nytte oss av om vi ønskjer.


Hilde held fram som visedirigent

Ben får med seg Hilde Horpen som visedirigent som ho også har vore dei siste par åra. I fjor haust var ho også fast dirigent då Oddgeir hadde permisjon. Ho ser fram til å samarbeide med Ben.

Om kva som vert viktige oppgåver sluttar ho seg til Ben sine ambisjonar: - Korpset er inne i ein periode der rekruttering er ein viktig prioritet og målet er å få opp eit skulekorps. Det å fortsette denne satsinga er difor ei viktig oppgåva, og dessutan å få rekruttert fleire vaksne til korpset. Målet mitt er at korpset og medlemmane skal få utvikla seg i eit godt miljø. Å ha musikalske mål å sjå fram til, små eller store, er viktig for både musikantar og dirigentar. Eg gledar meg til å halda fram som visedirigent.

Frå hausten vert Hilde mest sannsynleg student i Sogndal. Ho ser ikkje det som noko hindring for å vere engasjert i korpset. - Dette har eg prøvd tidlegare då eg gjekk eitt år på vidaregåande der. Då reiste eg inn til korpsøving omtrent kvar tysdag, seier ho.

Oddgeir er glad for at ho held fram. – Då Hilde kom inn i korpset i 2008 saman med Farnes skulemusikk, var det ikkje henne eg såg for meg skulle bli dirigentspire eller det organisasjonsmennesket ho har vorte. Tilliten korpset har gjeve ho, kurs i Norges Musikkorps Forbund og stå-på-vilje, har gjort at ho no markerer seg både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det står også respekt av at ho har engasjert seg politisk.


Fråtrer før jubileumsåret

Oddgeir har vore dirigent omtrent samanhengande sidan 2000. På spørsmål om kvifor han gir seg som dirigent, seier Oddgeir at ein som dirigent og del av korpset si leiargruppe, ofte er den som får mest merksemd. Ein leiar som ikkje greier å fornye seg kan fort bli ein hemsko for organisasjonen. - No har eg nådd ein alder der fornying og inntak av nye impulsar er meir utfordrande. Difor fann eg at eg og Årdalstangen Musikklag var klare for eit slikt skifte.

I 2017 er det 70 år sidan korpset vart stifta og mange undrar nok seg over at Oddgeir vel å fråtre no. - Ja, fleire meinar vel at eg burde stått til over jubileumsåret og markere avgangen min gjennom det. Eg meinar at det er like greitt å nytte jubiléet til å signalisere ei ny tid, seier han.

No i vår har Oddgeir bede Ben om å bistå på øvingane. Då har han teke plass i kornettrekka og sett at musikantane har trivdes under Ben si leiing. På spørsmål om kva dei hadde sagt dersom han hadde gjort det Ben gjer, har svaret vore at dei hadde sagt han hadde vorten gal. - Det Ben gjer, er det eg ikkje har drista meg til å gjere. Det bygger oss som musikarar, både klangmessig, rytmisk og samspelmessig. Og held fram: - Når eg no set meg ned i kornettgruppa, so vonar eg at korps eg har hatt fingrane borti ikkje gløymer meg. Noko kan eg sikkert lære vekk i framtida også. Og så veit ein ikkje kva framtida bringar.


Legg ikkje dirigentstokken heilt vekk

Korpset har i alle fall ikkje tenkt å gløyme Oddgeir sin kompetanse. På spørsmål har han nemleg sagt ja til å vere «3. dirigent» - det må vere ein ny stillingstittel i amatørkorpsverda. Skulle Ben eller Hilde vere forhindra frå å stille, vil han både ta ansvar for øving og mindre speleoppdrag. Mange korps vil nok misunne oss det å ha tre dyktige dirigentar i rekkjene.

Den nye dirigentduoen avsluttar med spesielt å oppmode tidlegare musikantar om å ta opp att korpshobbyen. Takhøgda skal framleis vere høg i korpset og dørterskelen tilsvarande låg. Det skal både vere moro og utviklande for alle, ung som vaksen.

    Utskriftsvennlig versjon