Årdalstangen Musikklag
Årdalstangen Musikklag
 • Velkommen til oss!    • Nyhende    • Kontakt oss    • Sponsorar    • Biletgalleri    • Medlemsinfo    • Tangen Skulemusikk    • Litt historie    

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 664 391

 

 



Vaflar og to konsertar - deretter sommarferie
 
 
 

(2016-06-09) No er det like før vi tek sommarferie, men først skal vi selje vaflar, kaffi og saft under Fjord til fjell-dagane, ha vår sedvanlege konsert i samarbeid med Sogelaget ved brakka i Saltviki og til siste ein liten sommarkonsert i Vikadalen.

Ser vi deg?

10-årsjubileum for "vaffelpressa"

I år er det tiande gongen korpset har "vaffelpressa" i gang under Fjord til fjell-dagane. Det vert faktisk viktige inntekter av ein såpass enkel dugnad, i tillegg til at det er kjekt å bidra til liv og røre ei sommarhelg.

Ta turen innom boden vår på torget og støtt oss med å kjøpe vaflar og kaffi. Og så kan du tippe kor mange Non Stop det er i glaset...


Sogelagskonsert

For ni år sidan hadde vi den fyrste konserten ved brakka i Saltviki. Det var Sogelaget som arrangerte "ope brakke" under Fjord til fjell-dagane, som spurte oss om å bli med. Og sidan har konserten vore gjennomført kvart år.

Laurdag 11. juni kl. 12 kan du høyre oss der. Og Sogelaget byr på kaffi og kaker.


Sommarkonsert i Vikadalen

Og då er vi komne til det aller siste arrangementet før vi tek ferie. Tysdag 14. juni kl. 19 inviterar vi til ein enkel sommarkonsert ved eller i (avhengig av vêret) ungdomshuset i Vikadalen. Då får du høyre skulemusikantane og vaksenkorpset - og sjå både avtroppande og påtroppande dirigent i aksjon. I tillegg byr vi på litt kaffemat til konserten.

Velkommen til konsert!

    Utskriftsvennlig versjon